nyhende

Slike forhold på fjellovergangane fører gjerne til at dei blir stengde. Foto: Statens vegvesen / webkamera / NTB / NPK
Slike forhold på fjellovergangane fører gjerne til at dei blir stengde.

Gratis veginfo freistar feriefolket

Publisert Sist oppdatert
NPK: Vinterferie og skiftande tilhøve på fjellovergangane har ført til ein pangstart for den nye SMS-tenesta frå Statens vegvesen.

I løpet av ei dryg veke har 300.000 meldingar om køyretilhøve, kolonnekøyring og stengde vegar gått ut til både privatpersonar og transportørar.

Staten vegvesen vil at flest mogeleg skal melda seg på tenesta for å sikra ein føreseieleg biltur, særleg om ruta går over fjell.

– På heimesida vår kan du også også klikke deg inn på live-bilete som viser direkte sanntidsinformasjon frå fjellovergangane, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i ei pressemelding.

Fjellovergangane har så langt i vinter vore stengde 525 gonger i til saman 8 000 timar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS