nyhende

Frå massevaksineringa mot influensa i oktober 2020. Arkivfoto
Frå massevaksineringa mot influensa i oktober 2020. Arkivfoto

Gratis influensavaksine til risikogrupper

Publisert Sist oppdatert

Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men enkelte risikogrupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. I Norge er nær 1,6 millionar barn og vaksne i ei slik risikogruppe. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg, opplyser Folkehelseinstituttet.

Vaksinen bør takast årleg fordi influensaviruset endrar seg heile tida og vaksinen må tilpassast desse endringane. Effekten av vaksinen blir også svakare over tid.

I Sveio blir vaksinasjonsdag torsdag 11. november på Soknehuset, hugs å melda deg i god tid, og innan 29. oktober. Meir informasjon finn du på Sveio kommune.

Andre som ønskjer influensavaksine, må ta kontakt med fastlegen sin, eller apotek.

Powered by Labrador CMS