nyhende

Gratis dykkarleir i sommar

To veker i juli held Njord dykkarklubb ein dykkarleir open for alle. Deltakarar får låna utstyr, og det vert gratis for alle under 20 år. — Dykking er veldig fascinerande. Du må nesten sjå det for å forstå det, seier leiar i dykkarklubben Lars Einar Hollund.

Publisert Sist oppdatert

— Me kallar den for Nordsjøleiren, seier Hollund.

Til vanleg er han lokalpolitiker for Høgre, men han er også leiar i den nylege starta dykkarklubben Njord. I sommar skal klubben arrangera ein fridykkarleir.

— Me har lyst å gje eit tilbod til dei som ikkje er reist vekk på ferie, seier Hollund.

Berre eitt krav

Planen er å halda introduksjonskurs for dei som treng det, og så setja i gang med dykking rundt om på vestkysten av Sveio.

— Me skal ha det i Grunnavågen, seier han.

— Kvifor der?

— Først og fremst er det ein veldig fin plass. Det er også fint på land, med grasbakke ned til sjøen, seier Hollund.

Dagane det er snakk om er måndag til torsdag dei to første vekene i juli, 3. til 6. og 10. til 13. juli. Har du ikkje tid første veka kan du slenga deg på den andre fortel klubbleiaren.

Alle kan koma, det einaste kravet er at ein kan symja.

— Deltakarane får låna utstyr til å bruka undervegs, seier han og fortel om programmet

— Me har ein del kjende dykkarmål som me reiser til. Det kan til dømes vera ein sandbanke kor me dykkar etter skate, kamskjell og liknande. Eller i ein tareskog, seier Hollund.

Spanande utsikt under overflata

Den vestlege kystsida av kommunen har ifølgje han nokså variert natur under vatn.

— Er du godt kjent med Sveio under overflata?

— Ja, det er me i Njord, seier han.

— Korleis ser det ut der?

— Det er mykje drag, eller straum, så ein har mykje stortare. Det er som ein tjukk arm som strekk seg nokre meter opp frå botn. Og det er veldig mykje liv der. Fisken elskar å ligga i taren, både for å gøyma seg og for å jakta, seier Hollund.

Om ein hoppar i det og deltek på dykkinga vil ein både sjå og symja spanande stader.

— Det er mange kløfter og passasjar ein kan dykka ned i. Det ser jo ut under vatn som det gjer på land på ein måte, humrar han.

Ny utsikt til verda

Dykkarklubben har tidlegare rydda mykje boss frå havbotn. Viss dei finn noko denne gongen skal dei nok ta med seg det opp att.

Med berre ein månad igjen til fridykkarleir, gler klubben seg. Å kunna visa nokon ein heilt ny type utsikt på verda er alltid kjekt.

— Det er det som er så fascinerande med dykking. Du må nesten sjå det for å forstå det, seier Hollund.

Powered by Labrador CMS