Forskarane fann at god informasjon og bevisstgjering er blant dei mest effektive tiltaka for å betre inneklimaet i gamle skulebygg. Andre heilt gratis tiltak er å sjokklufte klasseromma i friminutta og å innføre innesko og rydderutinar, slik at reinhaldet blir enklare og betre.
Råda er mynta på skular som skal leggjast ned, og som kommunen vil bruke minst mogleg pengar på. Resultata av prosjektet «Skoler på vent» er no samla i ei digital verktøykasse , der kommunane kan få hjelp og tips til enkle tiltak og rutinar som kan betre inneklimaet i venteperioden.
– Når det gjeld skular som kommunen har vedteke å rive, rehabilitere eller der framtida er uavklart, er det berre heilt nødvendig vedlikehald som blir gjort. Dette gjeld først og fremst skadereduserande tiltak, seier seniorforskar Solvår Wågø i Sintef til forskingsmagasinet Gemini.
Nedslitne skular kan stå slik på vent i både 10 og 20 år, og det dårlege inneklimaet som følgjer med, kan ha mykje å seie for trivsel og helse for både elevar og lærarar.
Blant tiltaka forskarane elles har funne kan ha god effekt, er nye vindauge og solskjerming, ekstra omnar, nye lamper og lyddemping.
(©NPK)