nyhende
Gøy på isen – men pass på!
Tjødno i Auklandshamn er «bånnfrosen», så der er det ingen fare. Men brann- og redningsetaten ber folk om å tenkja seg godt om før dei bevegar seg på usikker is.
– Det er vanskeleg å sei at is på vatn og sjø er trygt og forsvarleg. Det er mange moment og ulike naturfenomen som spelar inn. Her må ein få kunnskap frå fagfolk, opplyser Sigbjørn Toskedal, førebyggjande branningeniør i Haugaland brann og redning iks.
Lytt til fagfolk
Også frå fagfolk er det ulike uttalar når det gjeld kor tjukk isen bør vera før ein kan ferdast trygt.
Ifølgje Toskedal har ikkje brannvesenet konkrete råd når det gjeld dette, men henviser til Haugaland brann og redning iks som har informasjon om ferdsel på is frå fagfolk på si heimeside www.hbre.no