nyhende
Gondolprosjekt skaper strid i mange bygder
Det er planar om gondolbaner i fleire kommunar i Vest-Noreg. Dei fleste stadar er det strid mellom nærings- og naturverninteresser.
Det går for tida føre seg ein heftig gondoldebatt i Jølster i Sunnfjord, men også planar i Sula på Sunnmøre, i Flåm i indre Sogn, Odda i Hardanger og Sauda i Ryfylke er omstridde.
Romsdalsgondolen frå Åndalsnes sentrum til fjellet Nesaksla vart realisert for fire år sidan og trekkjer til seg mange turistar. Men det var harde tak før dei kom så langt.
Loen Skylift i turistbygda Loen i Stryn har vore i drift i tre år, og ifølgje eigarane vart det ein stor suksess. Det var aldri stor strid om dette prosjektet.
Sterke meiningar
Det som kjenneteiknar dei fleste av dei nye gondolprosjekta er sterk usemje lokalt, ofte med sterke meiningar og kjensler på begge sider. Dei som er opptekne av verne naturen mot inngrep er på den eine sida, medan dei som tenkjer arbeidsplassar og økonomi ofte er på den andre sida.
Det er profilerte tilhengjarar og motstandarar på kvar side, og så er det ofte ei gruppe i midten som ikkje har sterke meiningar og dei utgjer ofte fleirtalet.
– Ikkje urøyvd natur
I Jølster er det grunneigarar og private investorar som har lagt fram planar om ein gondol frå Lunde inst i Kjøsnesfjorden, like ved utløpet av Fjærlandstunnelen, og opp til Tverrfjellet på kanten av Jostedalsbreen. Prosjektet har fått namnet Glacier Gondol.
Ordførar Jenny Følling (Sp) i Sunnfjord kommune er positiv til planane.
– Motstandarane framstiller det som om dette er eit gigantisk naturinngrep i eit område med urøyvd natur, men det stemmer ikkje. Her er ei stor kraftutbygging, Trollvatnet er magasin og det er 22 kilometer med tunnelar inne i fjellet. Så det er stor menneskeleg påverknad i form av rassikring og riksveg 5 gjennom området, seier ho til Nynorsk pressekontor.
Ho meiner det ikkje er snakk om eit stort naturinngrep.
– Endestasjonen oppe ved breen tek ikkje meir plass enn ei kraftmast. Og utsikta frå toppunktet er formidabel. Her vil ein kunne sjå innover breen, samstundes som det er flott utsyn til Kjøsnesfjorden og bygdene langs Jølstravatnet, forsikrar ho.
Ordføraren opplyser at reiseliv er eit satsingsområde for kommunen, og ho er sikker på at ein gondol opp til breen vil bli ein viktig faktor til å få fleire turistar til å stanse i dei vakre sunnfjordbygdene.
Kommunestyret skal behandle forslaget frå utbyggjarane til reguleringsplan i løpet av seks til tolv månader, alt etter kva høyringsvar som kjem inn. Ordføraren vedgår at det er ein viss motstand mot prosjektet i bygda, men trur at det er eit fleirtal som støttar det.
– Sunnfjord kommune skal behandle reguleringsplanen på vanleg måte. Alle relevante innspel i saka blir vurderte gjennom den kommunale saksbehandlinga, forsikrar Jenny Følling.
– Unødvendig prosjekt
Ida Juklestad er talsperson for interessegruppa Gondolfri Jostedalsbre, der det er medlemer frå store delar av fylket og enkelte andre stader i landet. Facebookgruppa Gondolfri Jostedalsbre har rundt 1500 medlemer, medan dei på Instagram har rundt 1000.
– Vi meiner dette er eit heilt unødvendig prosjekt i sårbar natur. Det er i strid med verneformåla til nasjonalparken. Det er mykje anna ein kan finne på for både å trekkje til seg turistar og for å skape bulyst, seier Juklestad til Nynorsk pressekontor.
Ho fortel at det er fleire frå reiselivsnæringa med i gruppa som meiner at det ikkje er denne typen anlegg turistane ynskjer å besøkje. Dessutan er det ein gondol under ein time unna i nabokommunen Stryn.
– Det turistane ynskjer er urøyvd natur og mindre folk. Det at det alt er eit kraftverk i nærleiken er ikkje noko argument for å byggje ut. Vi meiner det er viktig å få stansa dette før planane kjem endå lenger. Det er mykje som ikkje er tenkt skikkeleg gjennom her, og vi ser på det meir som eit luftslott.
– Meiningslaust
Forlagssjef og kommentator Erlend Sande i friluftsmagasinet Fri Flyt skriv i ein kommentar i bladet at planane om ein gondol opp til Jostedalsbreen, er det mest meiningslause av alle planlagde gondolprosjekt.
Han grunngir dette med at det ikkje ein gong bli mogleg for turistane å bevege seg ut av gondolen når dei kjem til toppen, utan at dei er i følgje med autoriserte guidar. Det blir altså berre for å sjå inn på breen for dei fleste.
Venstre-politikar Alfred Bjørlo er også ein av dei som har engasjert seg mot planane i Jølster. Han meiner at nærleiken til Jostedalen nasjonalpark gjer at planane bør leggjast bort først som sist.
Truleg kjem saka til slutt til å ende opp på bordet til kommunal- og administrasjonsministeren, kven det no blir etter valet i september.
Sula-gondol hos ministeren
Ei sak som alt ligg på bordet til kommunal- og administrasjonsminister Kjersti Stenseng er planane om ein gondol frå sentrum av Langevåg til Sulafjellet i Sula kommune. Det vart tidlegare sagt at det kunne kome ei avgjerd i juni, men det er uklart om dette skjer.
Jan Erik Røsvik, politisk redaktør i Sunnmørsposten, fortel at det har vore ein hard gondoldebatt i Sula. Motstandarane ser på ein gondol som ei belastning for bumiljøet deira, eller at Sulafjellet som friluftsområde vil bli ramma.
– På den andre sida er dei som vil ha næringsaktivitet i sentrum. Den gamle Devoldfabrikken, med blant anna fleire utsalsbutikkar, går ikkje spesielt godt for tida. Håpet er at fleire turistar skal gi meir aktivitet for dette senteret og resten av sentrumsområdet, seier han til Nynorsk pressekontor.
Gondolsaka var viktig i kommunevalet for to år sidan. Arbeidarpartiet, som hadde ordføraren, var motstandar av gondolen, medan Høgre og Frp var for. Det vart maktskifte, men det er uklart i kor stor grad gondolen spelte ei rolle.
– Ikkje berekraftig reiseliv
Ein som har engasjert seg om gondolar er forfattar og fjellklatrar Stein P. Aasheim, som er buset i Isfjorden i Rauma kommune. Han var aktiv motstandar av bygginga av Romsdalsgondolen på Åndalsnes.
– Ein gondol som baserer seg på cruise- og masseturisme, er etter mitt syn feil veg å gå dersom ein ynskjer eit berekraftig reiseliv. Det er inngrep i meir eller mindre urøyvd natur, og i den prosessen reduserer vi naturen ved å ta bort endå ein bit av han. Det er ikkje berre eit paradoks, det er ei direkte motsetning, seier Aasheim til Nynorsk pressekontor.
Han reagerte sterkt på at ordføraren i debatten som var sa at ei trengde ein gondol for å setje Rauma på kartet.
– Det er heilt utruleg å bruke eit slikt argument, når vi veit at tre av dei fem viktigaste turistmåla i Møre og Romsdal er i Rauma. Det er Trollstigen, Romsdalsegga og utsiktspunktet Rampestreken. Dei to andre på lista er Atlanterhavsvegen og Akvariet i Ålesund. Og så hevda politikarane og utbyggjarane at vi trengde ein gondol for å få turistane til å stanse her, sukkar den profilerte friluftsmannen.
Romsdalsgondolen har no vore i drift i fire år.
– Eg har ikkje sett eit einaste tal som tyder på at kommunen har tent på gondolen, det er ikkje dokumentert i alle fall, seier han.
Aasheim meiner generelt at det er fantasilaust å satse så mykje på gondolar. Han ristar på hovudet over planane i Jølster, ikkje minst fordi denne vil liggje mindre enn ein times reise frå den etablerte gondolen i Loen.