nyhende

Biletet er frå ein tidlegare kontroll.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Biletet er frå ein tidlegare kontroll.

Godtok ikkje førelegg

Ein sjåfør vart igår meldt til politiet etter å ikkje ha godteke eit forenkla førelegg.

Publisert Sist oppdatert

Igår heldt politiet ein trafikkontroll ved E39 i Førde.

— Dei sto der i 14-tida, seier Nina Fagerland, vaktsjef ved haugesund politistasjon.

Då var det fleire som vart tekne for høgare fart enn lovleg i 60-sona.

— Det var sju stykk som fikk forenkla førelegg, og ein som vart meldt. Det var grunna at sjåføren ikkje ville godta eit forenkla førelegg, seier Fagerland.

Høgaste fart målt under kontrollen var 82 kilometer i timen.

Powered by Labrador CMS