nyhende

Foto frå første turlagstur på haustprogrammet, 19. august. Varm, stille og vakker augustkveld. Foto: Elisabeth Hauge Bakke
Foto frå første turlagstur på haustprogrammet, 19. august. Varm, stille og vakker augustkveld.

Godt i gong med haustens turprogram

Sveio turlag er i gong med haustsesongen av «Grøn resept» etter om lag to månader sommarferie. Kan det bli ny årsrekord med 1.000 deltakarar?

Publisert Sist oppdatert

– Det er det sosiale som er det viktigaste i Sveio turlag, ikkje å nå alle dei høgaste toppane, seier turlagsleiar Arild Wiersen.

Og oppskrifta med turar frå dei heilt lette til meir utfordranda har slått godt an. Vårsesongen var det 430 deltakarar totalt. Det er rett under rekorden som blei sett i fjor, og gir eit snitt på 31 personar per tur.

– Flest deltakarar var det på turen som gjekk frå Nese via Mekjeland til Våga. Der møtte 62 deltakarar, og det er berre ein deltakar unna fjorårsrekorden, seier Wiersen.

Blei gjennomvåte

Søndag var det ei kulturhistorisk og interessant vandring i kystlandskapet på Sandve på Karmøy.

– Det regna og bles stikker og strå. Sjølv om vêret var ufyselig, var 21 personar med på turen. Me hadde det både kjekt og interessant, men samtlege vart gjennomvåte sjølv om alle var godt kledde, fortel Wiersen.

Femte tur på haustprogrammet var ei vandring frå Drange til Storestraumen ved Rødspollen i Sveio tysdag 2. september.

Vêret var eit heilt anna på Sandve søndag enn første turen i haust. Men turen samla likevel 21 deltakarar.

Siste tur går 2. juledag

I takt med at det blir stadig mørkare kveldar, blir tysdagsturane fasa ut. Siste sjanse til ein tysdagstur er 23. september. Søndagsturane held fram til ut i oktober, og alle siste tur er tradisjonen tru 2. juledagsturen i Sveio Golfpark.

– På våravslutninga, som blei halde inne på Gullsjøhuset på grunn av dårleg vêr, blei det snakk om at me kanskje klarer 1.000 deltakarar i år. Førebels ser det ut til at det er mogeleg. På dei fire første haustturane har det vore over 100 deltakarar, fortel Wiersen.

Resten av haustprogrammet:

Søndag 7.9. blir det ein middels lett tur til Varden (280 m.o.h.) og Hodnafjell (325 m.o.h.) i Tysvær.

Tysdag 9.9. stiller Leiv Henry Hole som lokal kjentmann på ein rundtur frå Torvastad skule og kultursenter til Bjørgene og Bjørgenetoppen via Gunnarshaugvatnet på Karmøy.

Søndag 14.9. vert det ein om lag 2,5 timars lett rundtur frå «Heio» til Agdesteinsfjellet (472 m.o.h.) og «Steinen» på Stord.

Tysdag 16.9. er Torhild Matre lokal kjentmann frå Bua bedehus, over på gamle skulevegen til Kinn, Brakaplasset ved Storavatnet, og Bakkaplasset ved Kinnavatnet.

Søndag 21.9. blir det ein noko krevjande topptur til Lysenuten (812 m.o.h.) med start frå Eikeland i Vindafjord.

Tysdag 23.9. møter ein på austsida av Sveio kyrkje for å ta ei «byvandring» sentralt i Sveio. Undervegs blir det noko kulturhistorie.

Søndag 28.9. blir det vandring i kystlandskapet mellom Lyngholm og Ryvarden kulturfyr.

Søndag 5.10. startar ein på merka sti til Svebakken ved Ålfjorden, og vidare rundt Rotatjørna i Tysvær.

Søndag 12.10. er det parkering i Mjånesvegen 35 i Auklandshamn, og derfrå går turen til Eikeland og vidare over på tursti rundt Storavatnet. Kan henda blir det drøs i «selskapslokalet» i løa hjå Elisabeth i Bakkane før ein takkar for godt følgje gjennom hausten.

Tordag 6.11. inviterer turlaget til den årlege «Kosekvelden» på Kysttunet i Auklandshamn. I år vil Jan Kåre Ness sitt fotoforedraget handla om storm og stilla, insekt, pattedyr, flora, turgåarar og sjølvsagt dei sjarmerande villsauene på Kyststien i Haugesund.

Fredag 26.12. blir det avslutning på årets sesong med 2. juledagsturen frå Sveio Golfpark. Turlaget serverer varm julegløgg og kan henda noko juleknask. Ta med familie, vener og naboar og blir med.

Powered by Labrador CMS