nyhende
Helse Fonna:
Gode tal og nytt regionalt helsesenter
Helse Fonna hadde tysdag sitt første styremøte i 2026. Det inneheldt både gode tall for 2025, og ikkje minst eit nytt regionalt senter.
Kvar helseregion i Noreg skal etablere si regionale teneste for helsekompetanse og læring. I Helse Vest blir denne lagt til Helse Fonna.
– Me er stolte over at denne regionale tenesta blir lagt til oss. Det er ei tillitserklæring og honnør til det gode arbeidet som allereie er gjort på dette området, sa administrerande direktør Anders Hovland under presentasjonen.
Det regionale nettverket for læring og meistring har sidan 2013 vore leia av Helse Fonna, og det er dette arbeidet som no skal vidareførast og styrkast, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.
Kvalitetsutvalet si oppsummering av 2025
Kvalitetsutvalet skal vera eit verkemiddel i føretaket sitt arbeid med å sørga for og fremma tryggleik og kvalitet på helsetenestene.
– Helse Fonna hadde 16 alvorlege meldingar som blei meldt til Helsetilsynet i fjor. Det er det same nivået som dei siste åra, sa fagdirektør Andreas Andreassen i sin presentasjon
Når det gjeld talet på Synergi-meldingar, det vil seia meldingar om uønskte hendingar meldt inn av tilsette, er det ein auke det siste året.
– Me tolkar ut frå tala at det er blitt ein betre meldekultur, altså god openheit og at det kjenst trygt å melde. For det er ingen indikatorar som syner at det er fleire uønskte hendingar enn tidlegare, påpeika Andreassen.
Første opptak til Vestlandslegen
Dei første studentane til Vestalandslegen startar ved Universitetet i Bergen til hausten. Om tre år kjem dei til Haugesund, og planlegginga er i rute, både styrka kompetanse og det reint praktiske.
– Akademisk kompetanse er stadig aukande i føretaket. Me hadde fem doktorgradar i 2025 og allereie ei i 2026, presenterte fagdirektør Andreas Andreassen, og heldt fram:
– Hausten i fjor hadde me det andre kurset i medisinsk didaktikk. For å auka pedagogisk kompetanse skal me ha eitt slikt kurs i året framover.
Det er også etablert ei samarbeidsgruppe mellom Helse Fonna og Helse Førde i samband med Vestlandslegen. Vidare er kartlegging av behovet for undervisningsressursar innan dei ulike fagområda starta, og lokale for studentane er under bygging ved Haugesund sjukehus.
Godt nytt for økonomien
For det økonomiske resultat per desember syner førebels rekneskap eit resultat på minus 12,3 millionar kroner. Rekneskapen for 2025 blir avslutta i midten av februar, og fram til avslutting kan det bli mindre justeringar som påverkar resultatet.
For desember 2025 er det eit positivt resultat, også etter pensjonsjusteringa som blei gjort i den månaden.
Administrerande direktør Anders Hovland konkluderte kort og klart i sin presentasjon:
– Det er bra. Og lenge sidan sist me hadde eit så stort overskot ein månad.
Rekneskapsresultatet ved årsslutt viser eit avvik på 0,2 prosent av omsettinga for året, og 0,4 prosent mot budsjett.
Dei siste to åra har resultatet forbetra seg med 192 millionar kroner. Dette inkluderer også auka varekostnadar og den satsinga som er gjort på personell, forsking og innovasjon.
Ein av kostnadane som går ned er løn, men det betyr ikkje at personell ikkje er ein prioritet.
– Me har satsa på personell ved å auka faste, heile stillingar. Det gir mindre overtid, fleire stillingar, og me ser at det er viktig for å rekruttera og behalda helsepersonell. Alle vinn på det, sa Hovland.
Ventetider og fristbrot
Gjennom 2025 har Helse Fonna jobba godt med ventetider. Alle fagområda hadde i desember ventetid for behandla pasientar under målkravet.
Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i desember 57 dagar for behandling og 58 dagar for ventande pasientar. Sett i eit treårsperspektiv er det ein reduksjon frå 68 dagar for behandling og 86 dagar for ventande i desember 2022.
Ventelistekøen er også redusert med 5 prosent på slutten av fjoråret.
Samla er talet på fristbrot vidare redusert. På fleire område har den positive endringa vore svært stor, medan andre ser ei auke. Arbeidet med å snu denne utviklinga er viktig, heiter det i verksemdrapporten.
Samstundes er det vesentleg at dei sjukaste pasientane med behov for oppfølging blir prioriterte, og dette kan koma i konflikt med målet om å redusera ventetider og fristbrot, blir det understreka.
Utskrivingsklare pasientar
Talet på utskrivingsklare pasientar var høgt i desember. 80 pasientar var melde som utskrivingsklare medan dei venta på helse- og omsorgstenester frå kommunen. Gjennomsnittleg var det 8,5 pasientar per døgn.
I 2025 var det totalt 3.590 liggedøgn utskrivingsklare pasientar, om lag 1.000 fleire enn i 2024.
Det blir arbeidd med dette i Helsefellesskapet, og det er også etablert eit samarbeid med St. Olavs hospital på dette området for å utveksle erfaringar.