nyhende
Gode kompisar har gjort Håkon (28) til stolt bareigar
Utan å ha så mykje som ein tomme kunnskap om snikkararbeid, har Håkon Ureta Hansen laga seg eit forsamlingslokale på Vestvik. Løysinga fann han i gode venner og familie, som har stilt opp med både kunnskap og arbeidskraft.
Den raudmåla låven skin i sola i Vestvik. Frukttrea bugnar av avling i år, men noko jord til å ha dyr på, er det ikkje på eigedomen til Karoline Åsbu Førde (24) og Håkon Ureta Hansen (28).
Den vesle låven hadde ikkje noko spesielt føremål då dei blei huseigarar i 2019. Den var før brukt som snikkarverkstad, men det hadde ikkje Hansen bruk for. Han fekk straks ein plan.
Musikk først
– Eg sa med ein gong at det skulle bli ein bar, fortel han, utan at sambuaren sa så mykje på det.
– Det første eg kjøpte var eit anlegg, smiler Hansen. Han legg ikkje skjul på at trearbeid ikkje er hans greie, og det har si historie. Han fekk skrekken då han var utplassert i 9. klasse, då han jobba med eit snikkarfirma i Buavåg i til dels hardt og kaldt vêr. Då perioden var over, lova han seg sjølv at dette skulle han aldri jobba meir med. No er han lukkeleg fagarbeidar i hjulutrustningsfaget i Haukås dekk og fritid, men nok om det.
Takkar venner
Seinhausten 2020 tok arbeidet til, med nokre timar om kveldane nå og då som innsats. Sidan det var korona, var det ikkje noko tidspress med å bli ferdig.
– Eg har ingen særlege kunnskapar innan snekring, eg hadde ikkje klart dette utan gode kompisar, seier Hansen. Han har lært mykje i prosessen, for han har ikkje berre stått for innkjøp av materiale og dugnadsmat. Forutan mykje trearbeid, er det elektriske anlegget heilt nytt.
Dobla budsjettet
Undervegs kom fleire idéar opp om korleis rommet kunne utformast. Budsjettet på 40 000 kroner, som blei sett opp utan å vita så mykje om kva kostnaden ville bli, blei sprengt med ein gong.
– Budsjettet er vel dobla og vel så det, men me har ikkje tatt opp lån eller noko slikt, seier Hansen og ser på sambuaren, som er rekneskapsførar av utdanning. Etter at baren stod ferdig, har dei fått ny takst på eigedomen, eit resultatet dei er nøgde med.
Hansen framhevar Sondre Natås Strand som ein kar som har stått for mesteparten av arbeidet. Det første dei gjekk laus på var å panela. Det var tidkrevjande, for utgangspunktet frå rundt 1950 var skakt.
Millimeterpresisjon
– Sondre var så nøyen at eg av og til blei frustrert. Det skulle gjerast 100 prosent, for han ville ikkje i ettertid få høyra om kor skeivt det var, fortel bareigaren.
Stilen omtalar han som ein brun pub med låvetema og moderne detaljar.
– Kva er du mest nøgd med?
– Bardisken blei bra, og det er god atmosfære her. Eg er nøgd med heile lokalet, oppsummerer Hansen.
Karoline er einig.
– Eg er òg veldig nøgd, det har blitt veldig fint, seier ho.