nyhende
God stemning og godt resultat
Damenes aften var ei nyvinning i fjor. I år vart billettane utselde på fem dagar. Sist fredag var 70 glade damer samla på klubbhuset til Sveio Golfpark.
Festpynta, i strålande humør og klare for ein kveld litt utanom det vanlege i regi av damene i Sveio Lions. Programmet baud på både triveleg samvær, mannekengoppvisning, song, foredrag, loddsal og forfriskingar. Aftenen blei halde saman av konferansier og ordførar André Mundal Haukås.
Vil ha med fleire damer
Lekre klede var det Tone Haugesund som sto for, men mannekengane var lokale. Karina Cecilie Bergmann sto for songen, og Gunhild Rein Almås, tidlegare guvernør og rådsleiar i Lions Norge, fortalde ei lydhøyr forsamling om si tid i Lions og kva det har gitt henne.
– Me har to mål med denne kvelden. Det eine er å inspirera fleire damer til å bli med i Lions. Mange trur at Lions er berre for menn, men her er damene like verdsett som mennene. I fjor gjekk talet i Sveio Lions opp frå tre til fem damer etter Damenes aften. Etter årets aften og Gunhild sitt interessante foredrag, håper me på enno fleire nye medlemmer, seier primus motor Marianne Bårdsen Lønning.
Større overskot i år
Det andre målet er å få inn pengar. I år til det lokale prosjektet «En hjelpende hånd».
– I fjor blei overskotet 16.000 kroner, og det var me veldig nøgde med. I år har me hatt litt fleire utgifter, men likevel blir overskotet på rundt 25.000 kroner. Det er heilt fantastisk, avsluttar Bårdsen Lønning.