nyhende
God jul frå Vestavind!
Først vil Susanne, Morten og Ellen Marie ønska alle ei riktig god jul! Så ber me om lesarane si hjelp.
16. januar 2026 fyller Vestavind 40 år. Den store markeringa må venta, men lesarane vil merka jubileet gjennom heile året. Ein del av det er at me går over til nye system både redaksjonelt og på abonnement i midten av januar. Og her treng me lesarane si hjelp.
For at overgangen til nytt abonnementsystemet skal gå så greitt som mogeleg, er me avhengig av at me har flest mogeleg korrekte e-postadresser.
Hjelp oss med e-post
Er du usikker på om du har e-post registrert på abonnementet, eller at det kan vera ein gamal e-post me har, send namn og adresse + rett e-post til den abonnementet står på til post@vestavind-sveio.no. Ved skifte til nytt system vil ein ikkje kunne logge på med abonnementsnummer lengre, for dei som gjer det i dag.
Treng du hjelp kan du ringa 53 74 01 80 frå 2. januar.
Me vil informera godt når det nærmar seg overgangen til nytt system.
Endring i prisar
Arbeidet er allereie i gong med førebuing til den omfattande oppgraderinga av systema våre. For lesarane betyr det eit meir moderne og brukarvennleg produkt, men også nye tilbod på mellom anna bustad og næringsliv, samtidig som abonnementsprisen går noko opp.
Opningstider
Denne jula og romjula er det som blir kalla «arbeidstakarjul» med mange fridagar på vekedagar. Me i Vestavind nyttar også høvet til å ta ut avspasering, og slik blir opninga av kontoret Sveiogata 72, pluss heimekontor i romjula:
- 22. og 23. desember: 08.00 – 15.30
- 29. og 30. desember: Telefonkontor (53 74 01 08) 10.00 – 14.00.
- Julaftan og nyttårsaftan er me som vanleg stengt.
- Me er tilbake på kontoret frå fredag 2. januar.
Nettavis kvar dag
Nettavisa blir oppdatert med saker gjennom heile jula og romjula.
Neste papiravis kjem 8. januar.