nyhende

koronasenterkoronacovid-19
Frå det lokale testsenteret som held til i Aksdal.

– God etterleving av smittevernreglane

Rundt 150 personar blei utpeikt som nærkontaktar etter at ein tilsett på Sveio skule fekk påvist covid-19. Resultat: Ingen smitta til no. Læraren og dei rundt han får ros for å følgja smittevernreglane.

Publisert Sist oppdatert

Medan Sveio kommune sette i gong smittesporingsarbeidet sist veke, blei covid-19-situasjonen i nabokommunen Stord omtalt som uoversiktleg. I same veke blei det registrert 97 smittetilfelle. Til alt hell blei det med dette eine tilfellet i Sveio denne gongen.

God etterleving

Sjølv om læraren hadde undervisning med mange elevar på både mellomtrinnet og ungdomstrinnet, er det ingen fleire kjende tilfelle av korona til no, etter at alle nærkontaktar har testa seg.

– Det bunnar i aller høgste grad god etterleving av smittevernreglane både frå den einskilde læraren, resten av dei tilsette og ikkje minst barna, seier kommunalsjef Ingunn Toft. Sveio kommune har vore gjennom nokre rundar med smittetilfelle og -utbrot.

Erfaring

– Kvar hending gir oss erfaring, og me har no opplevd både einskild smitta og utbrot. Det gjer at me no byrjar å få ein del erfaring, og me utviklar oss stadig, seier Toft.

Nokre har etterlyst andregongstesting av nærkontaktar, men i følgje Toft, er det no rutine å testa éin gong.

Heimeskule

Sveio skule var stengt for heile skulen onsdag i sist veke, men var open igjen for SFO og 1.-4. klasse torsdag, etter reingjering av areala deira.

Mange av nærkontaktane var elevar frå 5.-10. klasse, derfor blei det heimeundervisning for alle trinna fram til karantena var over, til og med måndag denne veka. 6. klasse på Vikse skule hadde også nokre dagar med heimeundervisning, då begge kontaktlærarane deira var i karantene.

Powered by Labrador CMS