nyhende

Heime i stova planlegg Glennen å bruke meir tid på musikken enn han har gjort det siste halvanna året. Foto: Morten Vågset Møller
Heime i stova planlegg Glennen å bruke meir tid på musikken enn han har gjort det siste halvanna året.

Glennen med ny låt

Etter eit langt opphald frå låtskriving er Glenn Rand – betre kjent som Glennen, klar med ny musikk. 6. juni slepper han låta «Eg fann deg», ei personleg og sårbar ballade som for han markerer starten på noko nytt for artisten.

Publisert Sist oppdatert

– Det er den første låta eg har klart å skrive på lang tid, som ikkje har direkte relevans eller er tilknytta «det mørket». Det har vore tungt å lage ny musikk det siste halvanna året, men denne kom heilt spontant, og på rett tid seier Glennen.

Låta handlar om det å finne lys etter ein lang periode med mørke. Inspirasjonen fann han i møtet med den nye kjærasten Anette Elise Haukås Eriksen.

– Etter at eg møtte henne, har eg ikkje hatt ein einaste mørk dag. Det var skikkeleg gale før, men ho blei det siste som skulle til for at eg kom meg heilt ut av det, fortel han, og legg til at utan familie, ungar, vennar, bestevenar og kollegaer hadde eg ikkje vore der eg er i dag.

Glennen har funne ny inspirasjon – og ny kjærleik – i Anette.

– Eg fann deg då alt var svart

Låta tek utgangspunkt i ei tekstlinje som sat lenge før resten av songen kom til.

– Den første setninga eg skreiv var «Eg fann deg då alt var svart». Den blei ståande lenge før eg klarte å bygge vidare. Refrenget kom etter at eg såg eit sitat på TikTok: Hvis hjarta ditt blir knust, skal eg bruka mitt til å fiksa ditt. Det traff, og så blei resten av teksten forma rundt det.

Musikalsk er «Eg fann deg» ei roleg popballade i same gate som Ed Sheeran.

– Det er den typen musikk eg lagar – personlege tekstar, mykje gitar og eit roleg uttrykk. Denne songen likar eg spesielt godt, både tekst og melodi. Eg likar faktisk både verset og refrenget – det skjer ikkje så ofte, seier han og ler.

Frå stillstand til overskot

Etter ein periode der det meste handla om å halde seg opptatt for å unngå tunge tankar, merkar Glennen no at musikken igjen får plass i livet.

– Det siste halvanna året har eg klart å sortere vekk ein del ting og fått meir overskot. Og då har musikken sakte, men sikkert fått større plass igjen. Før var alt prega av det mørke, men no klarer eg å skrive utan å berre vere der.

Første som fekk høyre «Eg fann deg», var Anette.

– Ho fekk høyre den først, sjølvsagt. Reaksjonen hennar var sterk. Det var mykje kjensler, og det betydde mykje for meg. Etterpå spelte eg den for kollegaene mine – det var òg veldig fint.

– Eg vil levere ekstra når eg kjenner publikum

Glennen har allereie stått på fleire scenar, og delte nylig scene med blant anna Hanne Krogh, Vidar Johnsen og Gunnar Andersen i Festiviteten, og i fjor varma han blant anna opp for Rotlaus på Scandic Maritim i Haugesund.

– Det var fullt hus, og eg spelte veldig roleg musikk for ein gjeng som var klare for fest. Men det var ei kjempekjekk oppleving, og eg blei godt tatt imot, seier han.

Han synest det er lettare å spele for folk han kjenner, sjølv om det stiller større krav til han sjølv.

– Eg kjenner meg tryggare når eg spelar for kjende, men då vil eg òg at det skal vere skikkeleg bra. Når eg speler for framande, veit eg ikkje korleis det blir tatt imot – det er litt meir nervepirrande. Samtidig tenkjer eg ofte at dei ikkje kjenner meg, så eg kan senke skuldrene litt. Men det gjer det òg meir spennande, for ein veit aldri heilt kva slags respons ein får, seier Glennen.

Musikken som ei drivkraft

Glennen satser foreløpig ikkje for fullt på musikken, men held døra open for det som måtte kome.

– Akkurat no er musikken først og fremst ei drivkraft og ei glede for meg. Om det ein dag skulle opne seg ei moglegheit for å gjere meir ut av det, så er eg open for det. Men eg har ein kvardag med ungar, jobb og kjærast, så det må passe inn i livet mitt.

Uansett håper han at «Eg fann deg» vil treffe fleire.

– Det er ei låt som betyr mykje for meg. Den viser at det går an å kome seg gjennom tunge tider, og eg håper andre òg kan finne noko i den – enten det er trøyst, håp eller berre ei fin melodi.

Her kjem ein smakebit frå låta:

Powered by Labrador CMS