nyhende
Glatt føre sende lastebil i grøfta
Snø og slaps gjorde vegen glatt i helga.
Laurdag 2. desember vart ein lastebil uheldig på det glatte føre og enda i grøfta. Britt Jorunn Løvereide er vaktsjef ved Haugesund politistasjon og summerer kva som hende:
– Det var ein lastebil som køyrde av vegen like ved Liereid. Den gjekk ut av vegbanen og trefte autovernet som vart øydelagt, seier ho.
Føraren varsla sjølv bilbergar og politiet kom på staden.
– Der var det mykje slaps på underlaget, og sjåføren var ikkje påverka, seier ho.