nyhende
Glade for å vera tilbake
Torsdag sist veke var det nyopning på Bu, miljø og meistringstenesta i Sveio, eit populært lågterskeltilbod som mange har sakna.
Ifølgje Gunn Paula Fransson hadde personalet ved Bu, miljø og meistringstenesta, lagt ned stor innsats i å klargjera lokalet som var nyoppussa og ommøblert i høve nyopninga. I ein periode blei lokalet brukt av bebuarar frå Sveio omsorgsenter då Utsikten var beredskap som korona-avdeling.
Blei gjort stas på
– Me var ein bra gjeng på rundt 20 personar som møtte, og personalet gjorde skikkeleg stas på oss. Personalet ved Miljø og meistringstenesta serverte oss smørbrød og kaker, og me fekk informasjon om smitteverntiltak. Sidan dette var første gongen på eit halvt år at me var samla, hadde me ikkje lagt opp til så mykje program, istaden sat me å prata og koste oss, fortel Fransson.
Lågterskeltilbod
Bu, miljø og meistringstenesta er eit tilbod til alle innbyggjarane i kommunen. Som til dømes folk som har ei utfordring i kvardagen og treng ein trygg plass å gå, eller nokon som treng hjelp til å koma tilbake til kvardagen igjen. Det er mange moglegheiter for å få hjelp og støtte.