nyhende

Ordførar Linn Therese Erve (Ap).FOTO: TOR ANDRÉ JOHANNESSEN
Ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Glad for eit tydeleg mandat

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) er nøgd med valdeltakinga i folkerøystinga, og meiner fleirtalet på 56 prosent for Vestland er så klart at dei folkevalde har fått eit tydeleg mandat.

Publisert Sist oppdatert

— Dette gir eit tydeleg mandat til dei folkevalde, sa ho til Vestavind ved 22-tida, etter at alle røystene var talde opp.

Dei viste at 56 prosent av røystarene vil bli verande i Vestland.

Kommunestyret tar endeleg stilling til fylkesbyte 24. januar. Ingenting tydar på at dei ikkje vil lytte til rådet dei no har fått frå innbyggarane gjennom folkerøystinga.

— Ville akseptert Rogaland

Linn Therese Erve gjekk i desember offentleg ut med sitt standpunkt, om å røyste for Vestland, omtrent samtidig som førehandsrøystinga starta i desember.

— Eg ville ha akseptert eit anna utfall, understreker ho.

Måndag kveld seier ho til Vestavind at ho vil vere ein aktiv pådrivar for å halde fram det gode samarbeidet ein har mellom kommunane på Haugalandet, i Sunnhordland og mellom Rogaland og Vestland fylke.

— Samhandlinga kan bli endå sterkare og tettare, meiner ho.

Ho meiner det også må jobbast aktivt for at Sunnhordland skal bli sett og ta ein sterkare posisjon i Vestland fylke.

Ho peikar på at det er nokre fylkesgrense-utfordringar som må jobbast vidare med.

— Til dømes knytt til samferdsle og prisen på bussbilletten til og frå Haugesund, seier ho.

Ho trekker også fram problematikken rundt at nesten 90 prosent av dei vidaregåande elevane frå Sveio går skule i Haugesund, mens det er Vestland fylke som har ansvar for oppfølgingstenesta til dei som fell ut av vidaregåande skule, noko som har vist seg å ikkje vere optimalt.

Høgre vil røyste med folket

Høgre vil røyste i tråd med fleirtalet av innbyggjarane i kommunen når saka kjem opp i kommunestyret. Det skriv Sveio Høgre i ei pressemelding måndag kveld.

John Kristian Økland (H) og resten av Sveio Høgre lover å røyste i tråd med folkeviljen i Sveio.ARKIVFOTO

— Ein valoppslutnad på meir enn 60 prosent er svært positivt i ei slik sak – det viser oss igjen at Sveibuen er engasjert og bidreg når me spør om deira meining.

Sveio Høgre trekk også fram at  Vestland fylke i prosessen fram mot valdagen har vert tydelege på at Sveio kommune er viktig for fylket, og at dei vil styrka utviklinga i Sunnhordlandsregionen.

— Det er gledeleg å sjå. Nå forventar me i Sveio Høgre at politikarane i Vestland fylke følgjer og leverer. Me gler oss til å arbeide vidare med ei positiv utvikling av heile kommunen, heiter det i pressemeldinga som er underteikna lokallagsleiar Andre Mundal Haukås, gruppeleiar John Kristian Økland, kommunestyrerepresentantane Mikal Møller Hovda og Lars Einar Hollund.

Powered by Labrador CMS