nyhende

Bård Bjørevik Skogen er rangert som verdas 77. beste amatørspelar i verda, og har som mål å bli ein del av PGA-sirkuset. Torsdag fekk han utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune.Foto: Texas Tech Athetics
Bård Bjørevik Skogen er rangert som verdas 77. beste amatørspelar i verda, og har som mål å bli ein del av PGA-sirkuset. Torsdag fekk han utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune.

Gjevt stipend til golftalentet frå Sveio

Golfspelaren Bård Bjørnevik Skogen (20) frå Sveio fekk torsdag tildelt Vestland fylkeskommune sitt utviklingsstipend for unge idrettsutøvarar. Det er andre året på rad at ein sveibu får stipendet.

Publisert Sist oppdatert

— Dei må jo vere veldig glad i Sveio, ler Bård Bjørnevik Skogen når Vestavind snakkar med han onsdag ettermiddag.

Han viser til at det er andre året på rad at ein idrettsutøvar frå Sveio blir tildelt ei utviklingsstipend på 40.000 kroner av Vestland fylkeskommune.

I fjor fekk klatraren Ingrid Kindlihagen frå Sveio det same stipendet.

77. beste i verda

Skogen, som til dagleg er student ved colleget Texas Tech i USA, fortel at stipendet kjem godt med. Det er ikkje gratis å drive med golf, og som amatørspelar kan han heller ikke ta i mot personlege sponsorat.

— Men stipend som dette har me lov til å ta i mot, fortel han.

Skogen er for tida heime i Sveio på juleferie, men reiste torsdag til austlandet for å besøke ein kamerat der.

Han skal vere tilbake i USA i god til neste års første turnering i USA.

— Då skal me til Hawaii, og det gler eg meg skikkelig til, fortel han.

Skogen har opplevd solid framgang dei siste åra, og flytta til USA for å satse på golf i fjor haust.

Sidan då har han klarte frå en ranking på rundt 300 til no å vere rangert som den 77. beste amatørsepelaren i verda.

Det store målet hans er å følge i spora etter Noregs for tida største golfstjerne, Viktor Hovland, og med tida bli ein del av det profesjonelle PGA-sirkuset.

— Eg har nivået inne tidvis, men det er eit stykke fram før eg spelar stabilt på nivået som krevjast, seier han.

7 fekk stipend

23 kvinner og 39 menn frå 18 kommunar i heile Vestland og 27 ulike idrettar søkte om å få utviklingsstipendet som fylkeskommunen tildeler til unge idrettsutøvarar.

Stipendet vert delt ut for å støtte den einskilde si utøving av idretten og den vidare utviklinga. Tildelinga er gjort i samråd med Olympiatoppen Vest og vedtatt i utval for kultur, idrett og integrering.

Desse fekk stipend i år:

Bård Bjørnevik Skogen, golf, Haugaland golfklubb

Einar Bjørvik (18), roing, Fana roklubb

Julie Dickho Erichsen (20), turn, Laksevåg turn og idrettslag

Markus Mogstad Barth (21), badminton, Bergen badmintonklubb

Julia Jordanger Loen (19), vektløfting, Breimsbygda IL

Sindre Sætre Myklebust (19), alpint, Sogndal IL

Sunniva Helland-Hansen (24), sandvolleyball, Rossvoll volleyballklubb

Powered by Labrador CMS