nyhende

Andreas Carlos Furdal gjev ut sin første song på norsk.FOTO: PRIVAT.
Andreas Carlos Furdal gjev ut sin første song på norsk.

Gjev ut første song på norsk

Andreas Carlos Furdal er både musikar og produsent. Nyleg tok han eit nytt steg innan musikken og gav ut sin første song på norsk.

Publisert Sist oppdatert

— Eg slapp ein song som heiter «Ikkje gå». Det er den første songen eg gjev ut på norsk, seier Andreas Carlos Furdal.

Tidlegare har songane hans vore på engelsk.

— Men eg lagar mykje forskjellig. Og så var det eit par norske songar eg fekk mykje skryt for. Då tenkte eg «kvifor ikkje», seier Furdal.

Hint av personleg erfaring

Den nye songen hans tilhøyrer kategorien pop. Sveibuen fortel at han i hovudsak vekslar mellom to musikksjangrar.

— Eg har laga litt forskjellig, mange av songane har hint av reggeaton-rytmar. Men den nye songen vil eg seia er popmusikk.

Hans nyaste song set ord på ei vanskeleg kjensle.

— Den handlar om å sjå tilbake på livet før, og ein du var glad i då. Når du møter dei igjen er det akkurat det same som før. Og du vil ikkje at den personen skal gå, seier Furdal.

— Kjem den frå personleg erfaring?

— Ja, det kan vera eit hint av det, seier Furdal.

Produsent for ungdomen

Sveibuen vaks opp i sentrum av Sveiobygda, men bur i dag ein annan stad.

— Me flytta til Vormedal i sommar, seier han.

— Korleis går det der?

— Det går bra. Eg har eit studio her og bur saman med sambuaren min, seier Furdal.

Og det er ikkje det einaste musikkstudioet som han har.

— Eg driv eit studio for Haugesund kommune på Slaktehuset. Ned i kjellaren der det heiter Rockekjelleren. Det er der eg held til, fortel han.

Han er tilsett hjå kommunen for å hjelpa dei mellom 13 og 19 år å laga musikk. Der byrja han i oktober, og det har allereie gjeve resultat.

— Det er tre låtar ferdig, men dei har ikkje kome ut enno, seier Furdal.

Han synest det er ein veldig kjekk jobb. Og tilbodet kom overraskande på.

— Eg vart ringt av ein veldig kjekk kar som heiter Helge Toft. Han spurte om eg hadde litt ekstra kapasitet til eit nytt prosjekt dei hadde byrja med, seier Furdal.

Slik vart han plutseleg musikkprodusent for komande artistar.

Fleire songar på veg

Hans første song på norsk vert ikkje den siste. For tida jobbar han med dei andre låtane som er på veg.

— Det kjem fleire på denne sida av året. Eg har ein del klare som eg tenkjer å sleppa, seier Furdal.

Det er planar om å opptre med dei nye songane framover.

— Eg spelte på Frivilligheitskonferansen i Tysvær sist helg, seier han.

Powered by Labrador CMS