nyhende

Bilkøyring og mobilbruk er ein farleg kombinasjon, og bøtesatsane blir stadig høgare. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Bilkøyring og mobilbruk er ein farleg kombinasjon, og bøtesatsane blir stadig høgare.

— Gjer vondt å skrive ut høge mobilbøter

Bøtene for bruk av mobiltelefon i bil har auka to gonger siste året. No er bøtesatsen så høg at politiet synest det gjer vondt å skrive dei ut.

Publisert Sist oppdatert
NPK: – Vi har ein jobb å gjere, men vi kjenner litt på det. Det svir litt meir enn det gjorde før, for det er frykteleg mykje pengar, seier politibetjent Aleksander Naley i Sør-Vest-politidistrikt til NRK Rogaland.

All bruk av handhalden mobiltelefon under køyring er forbode. Lenge var bota for dette på 1.700 kroner, men frå 1. januar 2021 vart satsen auka til 5.000 kroner. Frå 1. mars i år auka bøtesatsen til 7.450 kroner.

– Det er klart at det er dyrt. Det gjer meir vondt å gi ut bota no enn det gjorde før. Men taksten er justert opp fordi den førre ordninga ikkje verka godt nok, seier kollegaen Andreas Kverneland. Dei to politibetjentane fortel at dei som blir tekne, reagerer på ulike måtar.

– Det er litt blanda drops. Vi får ein del kjeft når vi står her, og vi får høyre at vi kunne brukt tida på noko anna. Men eg trur dei fleste forstår. Du er ikkje interessert i at føraren av bilen som kjem mot deg sit og snakkar i telefonen i staden for å følgje med på vegen, seier Aleksander Naley.

Førebels ser auken i bøtesatsane ut til å fungere etter intensjonen. Tal frå Politidirektoratet viser at talet på bøter for mobilbruk mellom 9.- og 21. mars har gått ned frå 751 i fjor til 492 i år.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS