nyhende
Gjer ein forskjell for naturen denne helga
Med det flotte vêret som er meldt, er det nok mange som skal på tur i helga. Det kan du kombinera med ei god gjerning for naturen.
Som avslutning på Friluftslivets veke er alle inviterte til å delta på den nasjonale ryddedugnaden «Tur med meining» på initiativ frå Norsk Friluftsliv og Strandryddeuka. Heile Noreg blir oppfordra til å ta ein tur ut og gjera ein innsats som ikkje krev mykje av deg, men likevel betyr mykje for naturen.
– Søppel i naturen er eit problem som både skadar miljø og dyreliv, og irriterer turgåarar. Me håper derfor at så mange som mogeleg vil delta og bidra til at naturen blir litt finare for dei som går der etter oss, sier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, fellesorganisasjonen for de 19 friluftslivsorganisasjonene.
Ifølge tal fra Ipsos, er nettopp søppel det flest av oss irriterer oss over når me er på tur.
Meiningsfull tur
Konseptet er enkelt: Ta med deg ein pose og nokre hanskar på tur, og plukk med deg søppel du finn på din veg. Søppelet tar du med deg heim og kastar i eigen søppeldunk. Lier påpeikar at turen verken treng å vera lang eller krevja stor innsats – kvar handling bidrar.
– Har du ein sti, ein skog eller eit friluftsområde i nærleiken av deg som treng litt kjærleik? Dette er eit flott høve til å gi litt tilbake til naturen som gir oss så mykje, sier Lier.
Send gjerne bilder av den som plukkar og det som er plukka til tips@vestavind-sveio.no
Finn søppel frå friluftsliv
Sjølv om dei fleste er flinke til å rydda etter seg, er friluftsliv dessverre ein betydeleg bidragsytar til forsøpling i naturen. Kartleggingar fra Hold Norge Rent i innlandsområde viser at minst 10 prosent av søppelet i naturen kan knyttast til friluftsliv.
– Mat- og snacksemballasje, eingongsgrillar og utstyr frå friluftsaktiviteter er blant tinga me ofte ser at folk legg igjen, sier Lise Keilty Gulbransen, dagleg leiar i Hold Norge Rent.
Gulbransen påpeikar at det ikkje er meininga at privatpersonar skal handtera ulovleg dumpa avfall eller område med meir søppel enn ein sjølv kan handtera. Slike funn kan meldast inn på ryddenorge.no eller til kommunen.