nyhende
Gjer ein forskjell for born i jula
Kirkens Bymisjon har sett opp tre meiningsfylte juletre på Haugalandet i år; – på Oasen, Åkrehamn og Sveio senter.
Fram til 11. desember kan folk oppfylla julegåveønskjer frå barn og familiar frå heile Haugalandet.
– Jula byr gjerne på overflod, difor er det litt sårt når folk ønskjer seg ullsokkar og undertøy, – slike ting som mange tek for gitt. Det set ting litt i perspektiv, påpeikar Kristianne Uri, leiar i Sveio frivilligsentral.
Ut til mange
Saman med kollegane sine, Nina Sørhus og Guro Røher Eriksen, sette ho måndag opp eit juletre på Sveio senter, og fylte det opp med julegåveønskjer frå barn under 18 år og familiar på Haugalandet. Tiltaket er i regi av Kirkens Bymisjon.
Ifølgje Uri var det i Sveio i fjor 145 barn som fekk gåver gjennom juleaksjonen. Totalt 479 pakkar blei delt ut. Totalt på heile Haugalandet delte Kirkens bymisjon Haugalandet ut 1840 gåver til 817 barn.
Spente på årets aksjon
– I år er me spente på kor mykje pandemien har påverka, og om det er mange som står i sårbare situasjonar, seier Uri.
Alle juleønskene som heng på treet kan kjøpast i Sveio, på den måten støttar ein også lokal handel.
– Kva er det folk ønskjer seg til jul?
– Det går mykje i kler og leiker, og mange ønskjer seg gåvekort på mat for å handla inn litt ekstra til jul, fortel Røher Eriksen.
Mange hjelparar
Varen skal leverast uinnpakka til Sveio Libris & Ringo innan 11. desember. Fleire gode hjelparar er med og deler ut pakkane før jul, – i tillegg til Frivilligsentralen er både vaksenopplæringa og barnevernet med.
– Det heile er eit stort logistikkarbeid, difor må me byrja tidleg for å bli ferdige, seier trioen Vestavind møtte på senteret.
Bedrifter som ønskjer å støtta blir bedt om å ta kontakt med frivilligsentralen direkte.