nyhende

Bibliotekar Anitha Ramsdal (t.v.) og biblioteksjef Kristine Thorkildsen ved Sveio folkebibliotek finn stadig mye måtar å skapa leseglede. Arkivfoto: Torsteim Tysvær Nymoen
Bibliotekar Anitha Ramsdal (t.v.) og biblioteksjef Kristine Thorkildsen ved Sveio folkebibliotek finn stadig mye måtar å skapa leseglede.

Gjer det lettare å skapa leseglede for dei minste

Sveio folkebibliotek startar no opp med to spennande samarbeidsprosjekt med helsestasjonane og Solkroken og Sveio barnehagar. Målet er å skapa leseglede for dei minste og gjera det enklare for småbarnsfamiliar å starta tidleg med lesing.

Publisert Sist oppdatert

Gjennom «Bokstart» deler biblioteket ut bokgåver til småbarnsforeldre for å visa korleis lesing kan bli ein del av kvardagen, og dei legg til rette for at også familiar med barn utanfor barnehage får same moglegheita.

Samarbeid for leselyst

– Bokstart er eit langsiktig prosjekt der helsestasjonar og bibliotek samarbeider om å formidla eit felles bodskap: Start tidleg med lesing! Ved å engasjera nøkkelpersonar i barnet sitt liv, som helsesjukepleiarar, når me ut til alle småbarnsforeldre, seier biblioteksjef Kristine Thorkildsen.

Sveio folkebibliotek har vald ut boka «Revungen» som gåve når barnet kjem på 1-årskontrollen. Det er ei bildebok utan tekst, noko som gjer det mogleg for foreldre og omsorgspersonar å fortelja historia på sitt eige språk – uavhengig av norskkunnskapar. Gjennom bildene og dei ulike kvardagssituasjonane i boka, kan vaksne og barn skapa fine lesestunder saman.

Felleskap og sosial rettferd

Sveio kommune gir også bok ved 2-årskontrollen. Det er bøkene av Kari Stai om Mopp og Mikko. Bøkene handlar om ting dei elskar og bøkene vender seg mot barnet som er i startgropa språkmessig. Her er det fire titlar å velja mellom.

Det er enkle tekstar og stiliserte bilde. Alt er veldig tydeleg med sterke fargar og enkle figurar, og foreldre og omsorgspersonar får hjelp av ein enkel tekst. Bøkene gir rom for mange samtalar rundt bilda.

– Bokstart er eit tilbod til alle småbarnsfamiliar, og det bidreg til fellesskap og sosial rettferd. Gjennom prosjektet får foreldre tips og rettleiing om korleis og kvifor dei bør lese for barna sine, og me gjer det lettare for familiar å starte med lesing tidleg.

Tøyveskebibliotek

Sveio folkebibliotek har også starta eit spennande pilotprosjekt saman med Sveio barnehage og Solkroken barnehage. Gjennom prosjektet «Leselyst med dei minste» introduserer biblioteket no «Tøyveskebiblioteket», ein ny måte å låna bøker på for småbarnsfamiliar.

– Me har fylt 50 tøyvesker med tre nøye utvalde bøker i kvar, til saman 25 tøyvesker for kvar barnehage. Desse tøyveskene har herlege høgtlesingsbøker som passar perfekt til koselege lesestunder saman heime, seier Thorkildsen.

For mange familiar kan det vera utfordrande å finna tid til å besøka biblioteket i ein travel kvardag. Tøyveskebiblioteket gjer det enklare å ta del i lesegleda. Du kan låna ei tøyveske frå barnehagen, ta den med heim, og levera den tilbake når bøkene er ferdig lesne.

Slik fungerer det

  • Kvar tøyveske inneheld tre bøker eigna til høgtlesing.
  • Lån ein pose av gongen i inntil to veker.
  • Utlån og innlevering blir registrert på ein utlånsplakat i barnehagen.

– Tøyveskebiblioteket gjer lån av bøker til ein leik, og me håper prosjektet vil inspirera små og store til å finna leseglede saman. Me håper også at dette kan gi lyst til å besøka biblioteket i tillegg, sier biblioteksjefen.

Powered by Labrador CMS