nyhende
Historisk vedtak i kommunestyret:
Gjekk inn for nytt basseng
Med 22 mot 3 røyster gjekk Sveio kommunestyre måndag inn for å bruke 105 millionar kroner til nytt symjebasseng.
Måndag kveld vart ein historisk kveld i Sveio kommunestyre. Ikkje berre kunne dei 25 representantane samle seg til eit fysisk møte i kommunestyresalen for første gong på to år.
Men dei vedtok også at administrasjonen skal jobbe vidar med ein anbodsprosess for nytt badeanlegg i kommunen, til erstatning for dagens rundt 50 år gamle basseng.
25 meter og stupetårn
Bestillinga er i praksis i tråd med formannskapet si tilråding, som var eit fellesforslag frå Rune Teikari (Frp), Lars Einar Hollund (H) og Jarle Jacobsen (KrF). Kort oppsumert ønskjer politikarane å bruke 105 millionar kroner på eit basseng som skal vere 25 meter langt, ha ein breidde på 12,5 meter, ha stupetårn og vassklie. Bassenget skal ha ei djupne på 3,7 meter, som er kravet for stupetårn som også er lagt inn i bestillinga. Bassenget skal kunne holde 31 gradar.
Administrasjonen får i oppdrag å hente inn to forskjellige anbod. Skilnaden er at ein i det eine anbodet skal ha opplæringsbasseng ved sida av hovudbassenget, mens ein i det andre vil ha eit bassenggolv som kan hevast slik at det kan brukast som opplæringsbasseng.
I den vidare planlegginga skal ei politisk gruppe, med to valdre representantar frå posisjonen og to frå opposisjonen, jobbe saman frivillige organisasjonar for å finne ein best mogeleg driftsform.
Tverrpolitisk arbeid
Politikarane sto i kø for å rose det tverrpolitiske arbeidet som er lagt ned på vegen for å få til eit framlegg som samla nesten heile kommunestyret.
— Det kollektive vettet blir hakket betre enn når vi kvar og ein sit nedi siloane våre åleine. Det tverrpolitiske arbeidet som er gjort har gitt ei god løysing, slo Rune Teikari (Frp) fast frå talarstolen.
Rådmann Jostein Førre minna politikarane om at det å ha eit basseng som held 31 grader, i staden for 27-28 grader, har ei kostnadsside.
Lars Enar Hollund (H) argumentere med kvifor han meiner det er rett å for 31 grader.
— I eit idrettsbasseng snakkar me 27-28 grader. Men der symjar brukarane for å trene, og held seg varme. Vanlege folk vi fryse etter 20-30 minuttar. Men er temperaturen 31 grader, kan dei glatt vere der i to timar, sa han.
Hollund la til at det også opnar det for nokre av dei som revmatiske behov.
— Men rett nok ikkje for alle revmatikarar. Då skulle det nok vore 34-35 grader. Men vi kan nok ikkje gjere alle til lags. Men med 31 grader vil opne for mye, og gjere det kommersielt attraktivt for bading, sa han.
Sp delte seg
Sp var som einaste parti delt i spørsmålet om nytt basseng. Ole Velde og Arne Valen røysta for at rådmannen skulle legge vekk planlegging av ny symjehall.
— Eg har høyrde på innbyggarane i Sveio, og der er ein delt om kva ein meiner om basseng, sa Velde.
Han stiller spørsmålet ved dei økonomiske kalkylane.
— Det har vore ei enorm prissting i samfunnet. Er vi sikre på at vi kan få det for 105 millionar undra han?
Også MDGs Leif Sverre Haga røysta for å legge bort bassengplanane.
Men med 22 røyster for og berre 3 i mot var det ingen tvil om kva veg dei politiske bølgjene gjekk i bassengsaka.
— Vilje til å skape noko
Asle Georg Halleraker (Ap) var ein av mange som var glad for at kommunestyret gjekk inn for basseng.
— Dette viser at Sveio kommune er framoverlente i kampen om nye innbyggarar, at me ønskjer noko og har politisk vilje til å skape noko, sa han.