nyhende
Gisle prest har fått ny jobb
18. juni er det 11 år sidan Gisle Sørhus tok til som sokneprest i Sveio. Når årets konfirmantar er vel sett vidare i livet, begynner han som ungdomsprest i Norheim kyrkje på Fastlands-Karmøy.
Onsdag kveld blei Sveio sokneråd informert om at Gisle Sørhus har fått tilbod om og takka ja til stillinga som ungdomsprest i Norheim kyrkjelyd. I referatet frå møtet står det mellom anna at soknerådet takkar for lang og god teneste som soknepest i Sveio, og spesielt for innsats i ungdomsarbeidet.
— Då eg var til intervju blei eg spurt om kor lang oppseiingstid eg har. Då måtte eg svarar at det veit eg ikkje, for eg har aldri sagt opp før, ler Gisle prest.
Første presteteneste
Sveio var første presteteneste, og det har vore arbeid døgnet rundt med både soknepreststilling og fokus på ungdomsarbeid. Mykje tid på givande arbeid, men også lite tid til privatliv. Det er ein av grunnane til at Gisle prest no byter jobb.
— Og så har det noko med kvar eg er i livet. Eg har jobba i Sveio i 11 år, og det er mykje positivt med å byta jobb når ein er trygg i jobben ein har. Då har ein gode ting å ta med vidare. No skal eg ha hovudfokus på barn og unge. Det ser eg veldig fram til.
Det er litt som skal avklarast først, men truleg byter han jobb i månadskiftet september/oktober.
— Eg skal følga årets konfirmantar i Sveio fram til konfirmasjonsgudstenesta 7. september. Før eg sluttar må eg vel også finna plass til ei avskjedsgudsteneste, seier han.
— Kjem til å sakna folka
Sjølv om oppseiinga blei levert onsdag, visste han på siste medarbeidarfesten at det truleg gjekk den vegen.
— Eg kjende eg var trist fordi eg kjem til å sakna dei. Og ikkje berre dei, men jobben og alle dei fine folka i Sveio. Alle opplevingane me har hatt, og alle dei gode mellommenneskelege relasjonane.
Når Gisle får spørsmål om kva som har vore kjekkast med å vera prest i Sveio, blir det faktisk stille. Her er det altfor mykje å trekka fram til at han klarar å koma med eit kjapt svar.
— Det var utruleg gøy den sommaren ungdommane som var på leiarkurs ville laga aktivitetar for barn. Dei kom til meg, og eg tok kontakt med Frivilligsentralen. Der hadde dei fått pengar, men hadde ikkje folk til å gjera jobben. Det blei den første «Drømmesommaren», og det var fantastisk å sjå korleis ungdommane tok styringa. Då ser ein konkret resultat av at jobben ein gjer blir dytta vidare, seier Gisle prest.
Naturleg del av bygda
Godnattsynging til konfirmantane, som heller vil vera i lag med presten enn å legga seg. Digitale gudstenester under pandemien. Eit anna minne er då det heilt uventa kom 400 på ei gudsteneste. Då skjøna han ingenting, for det var ikkje høgtid av noko slag. I ettertid har han tenkt at kombinasjonen barnekor, trusopplæring og dåp kanskje gjorde sitt.
— Og så har det vore veldig kjekt å bli ein naturleg del av bygda og ha kort veg til samarbeid med mellom andre kommune og skule, seier Gisle prest.
No går det altså mot slutten på prestegjerninga i Sveio.
— Surfa inn med heile seg
— Gisle kom som skatepresten for 11 år siden og surfa inn i Sveio med heile seg. Han har hatt Sveio som si første presteteneste, og Norheim kyrkjelyd vil no få ein erfaren og trygg prest, seier Bent Rune Sinnes i soknerådet.
Sinnes var med i Gisle sitt jobbintervju hos biskopen i Bergen, og har samarbeidet med han i Sveio sokneråd gjennom desse 11 åra.
— Eg gler meg over utviklinga hans, og Norheim har mye godt i vente ved Gisle si presteteneste. Eg veit mange vil sakna Gisle og gudstenestene hans, så det kan kanskje bli sveibuar på besøk i Norheim kyrkje? seier Sinnes.
Nasjonal merksemd
Det er ikkje få saker som kjem opp når ein søker på Gisle Sørhus i Vestavind sitt arkiv. Og han er ikkje redd for å ta i eit tak. Som denne saka som gjekk landet rundt:
— Eg likar eigentleg ikkje den type merksemd, men det var stas å havna på BAdesken på bursdagen min, ler han.
Ei av gudstenestene hans for sju år sidan gjekk også Noreg rundt, mellom anna på TV2. Tema for barnegudstenesta var korleis Jesus stilna stormen.
— Eg hadde med meg gummibåten min for å hjelpa til å visualisera preika. Prest gjekk bananas, trur eg TV2 hadde som tittel. Eg vart litt sett ut av at all merksemda rundt dette. Men det beste var kommentaren til ein av ungdommane: Dette er ikkje noko uvanleg her, ler Gisle prest.
Videoen har over 31.000 visningar og du finn den her.