nyhende

Gir ut si andre diktsamling

Hans Günther Bonenberger debuterte i fjor som diktar. No er han tilbake med ei ny samling. — Bøkene er skrivne mykje på dialekt. seier Bonenberger.

Publisert Sist oppdatert

Eit av dikta kan du lesa her

Lysing

Lysing etter folkevalde;

me treng tillit
de får respekt

Søknad sendast, Grasrotrørsla

— Eg var bokhandlar i Oslo i min ungdom. Det var på slutten av 70-talet, seier Hans Günther Bonenberger.

Sveibuen, som opphaveleg kjem frå Hardanger, og før det vest-Berlin, snakkar gjerne om fortida og korleis den har leia til notida.

— Det var den tida ein bokhandlar var ein bokhandlar, kor ein måtte gå i svart dress og bruka etternamn i arbeidstida, seier Bonenberger.

Debuterte i fjor

Eit liv med kjærleik for observasjonar og det skrivne ord, gjorde at han til slutt gjekk frå å selja bøker til å skriva dei.

I fjor debuterte han med ei diktsamling, mellom anna om korleis han enda opp i Noreg.
Måndag 11. mai var han andre gjest i «Dikt og kaffigodt», eit samarbeidsprosjekt mellom Sveio folkebibliotek og Sveio gullforeining.

Då las han frå si nye diktsamling som han er ute med. Samlinga har namnet Høytørkeseng. Den handlar om litt av kvart og inneheld også songtekstar og epistlar.

Diktsamling nummer to kom litt overraskande på han sjølv. Den skulle ikkje kome før mykje seinare.

— Den var eigentleg ikkje planlagt, men det gjekk litt fortare og forlaget var nøgd, humrar Bonenberger.

Menneske, dyr og politikk

Lyrikkforlaget gjev ut verka hans, og samarbeidet har gått fint.

— Eg merka fort at dei er flinke folk. Dei involverer dei som skriv i prosessen, seier han.

Og ikkje minst ein ærleg dialog om kva dei likar og ikkje.

— Bøkene er skrivne mykje på dialekt. Dei ville ha mindre dialekt, men det betyr ikkje at eg ikkje får lov likevel, smiler Bonenberger.

Han skriv på nynorsk, men også på dialekt.

— Det var dialekten i Hardanger eg lærte då eg kom til Noreg, og nynorsk, seier han.

Nokre av dikta er inspirerte av opplevingar og observasjonar i Sveio. Eit av dei ein person han har sett, og noko er henta frå kvardagen som dyreeigar.

— Me har katt, og eg likar å skriva om dyr, så dei er med i begge bøkene, seier Bonenberger.

Katten vart dessverre ikkje avbilda, men kan stadfestast til å vera ganske så stor.

— Den er 10 kilo, og adoptert. Det gjorde me same dagen som den skulle avlivast, seier han.

Sveio tein tilfeldig

Diktaren på toppen av Hanaleite legg ikkje skjul på at han har ei interesse for politikk. To av dikta synest å ha ei humoristisk tilnærming til avstanden mellom folk og politikarar.

— Eg er godt planta på venstresida. Eg synest det er viktig og interessant med folk frå alle fløyar, så lenge ein viser kvarandre respekt og venlegheit, seier Bonenberger.

Difor spøker han med alle sider når han først harselerer. Også om seg sjølv når han fortel om livet og kvifor det vart Sveio.

— Me hadde ein unge, og kona skulle ta seg utdanning og så få seg jobb. Då var eg ein idealist og sa «no søker du og så vert eg husmor», humrar Bonenberger.

Eit år blei til 40 år

På den tida var det mykje meir vanleg med menn i arbeid og heimeverande koner forklarar han. Men, han var ikkje redd for å skilja seg ut.

— Då folk spurte meg kva eg gjorde, svara eg at eg var husmor, ler Bonenberger.

Kona søkte stilling i Sveio og Stjørdal. Sveio svarte først, og dermed flytta dei hit.

— Me skulle bare vera her eit år, men no har me vore her i 40 år, seier han.

Powered by Labrador CMS