nyhende

Olav Linga går til hausten av med pensjon, etter 18 år som toppeleiar i Haugaland Kraft.FOTO: HAAKON NORDVIK/HAUGALAND KRAFT
Olav Linga går til hausten av med pensjon, etter 18 år som toppeleiar i Haugaland Kraft.

Gir seg etter 18 år i sjefsstolen

Olav Linga sluttar i Haugaland Kraft etter 18 år som konsernsjef.

Publisert Sist oppdatert

Det melder selskapet i ei pressemelding.

Olav Linga fyller snart 65 år og har vore tilsett i Haugaland Kraft AS sidan 2004.  Linga orienterte hausten 2021 selskapet sitt styre om at han ville gå av som konsernsjef.

— Eineståande jobb

Styreleiar Petter Steen jr. gir i ei pressemelding uttrykk for at Linga har gjort ein eineståande jobb for Haugaland Kraft.

— Olav Linga har, i nær forståing med styret, vore arkitekt og gjennomførar for dei store restrukturerings- og fusjonsprosessane som har gjort Haugaland Kraft til eit mykje støtte og meir solid selskap i løpet av hans tid som leiar, seier han.

Steen jr seier at Linga har vore ein respektert og særs godt likt sjef av konsernet sine tilsette.

— Den tilliten han har hatt frå både eigarar, styret og tilsette har gjort det mogeleg for å han å leie selskapet og utvikle verksemda på ein slik flott måte. Olav har levert langt utover det man til vanleg ventar av ein leiar. Han vil bli sårt sakna når han går frå bodet, men vi unna han også å få rolegare dagar, seier Steen jr.

— Eit privilegium

Linga sjølv seier at han kjenner seg privilegert over å ha fått vere med på selskap si formidable vekst og utvikling sida 2000-talet.

— Det har vore eit privilegium å få jobbe med alle dei flotte og dyktige folka i Haugaland Kraft gjennom mange år. Eg er veldig stolt over det vi har oppnådd saman, seier han i meldinga.

Han trekk fram innsatsen til dei tilsette som hovudårsaka til at selskapet i dag er både sterkt og konkurransedyktig. Og at det gjennom sei siste åra også er gjennomført fleire større strukturendringar og oppkjøp som har styrka konsernet til det ein ser i dag.

— Raus og inkluderande

Ordførar Jarle Nilsen i Karmøy kommune, som er største eigar i Haugaland Kraft, seier at eigarane tar direktøren si avgjerd til etterretning.

— Olav har vore ein raus, inkluderande og klok leiar med gode strategiske og analytiske evne- Saman med dyktige tilsette, styret og eigarar har han leia arbeidet med å styrke posisjonen til Haugaland Kraft som ein føretrekt leverandør av kraft og nett-teneste til privat- og bedriftskundar over heile Sør-Vestlandet, seier han.

Linga sluttar som konsernsjef 1. september, men vil halde fram ei tid som rådgjevar i konsernet. Prosessen med å rekruttere ny konsernsjef er i gang.

Haugaland Kraft har omlag 500 tilsette. Sveio kommune eig 3,91 prosent av aksjane i selskapet.

Powered by Labrador CMS