nyhende

Styreleiar Nils Haktor Bua i Bua ungdomslag innser at dei ikkje har nok born til å driva barnehagen vidare.
Styreleiar Nils Haktor Bua i Bua ungdomslag innser at dei ikkje har nok born til å driva barnehagen vidare.

Gir opp barnehagedrift i denne omgang

Det ser likevel ikkje ut til at det blir barnehagedrift på Bua frå hausten av. Foreldra som har meldt interesse, fekk melding om dette frå ungdomslaget litt over klokka åtte onsdag morgon.

Publisert Sist oppdatert

– Me vil takka dykk alle for tilliten og interessa for å ha barna vidare i barnehagen på Bua til hausten. I dag må me diverre meddela at me på det noverande tidspunktet ikkje ser rom for å gå vidare med drift og ber dykk søkja på andre barnehagar, skriv Nils Haktor Bua på vegne av Bua ungdomslag mellom anna i meldinga.

Fram til tysdag føremiddag var 19 barn påmelde, medan ungdomslaget meinte dei måtte ha minst 25 barn for å starta opp. Dei sette derfor ein siste frist til onsdag klokka 12.00 og prøvde å gjera ein siste innsats for å rekruttera dei seks barna som måtte til for å sikra grunnlag for vidare drift. Onsdag morgon var det klart at denne siste kampanjen ikkje hadde gitt noko resultat.

– Då fann me ut at det var like godt å seia frå til foreldra med ein gong, slik at dei kunne søkja barna sine inn i andre barnehagar, seier styreleiar Nils Haktor Bua i Bua ungdomslag til Vestavind.

Vil arbeida vidare

Sjølv om dette er eit nederlag i første omgang, understrekar Bua at dei vil arbeida vidare for barnehagen på Bua.

– Me vil enno sjå på alternativ for hausten 2024 i første omgang, og har ikkje stoppa innhentinga av aksjekapital til det ideelle aksjeselskapet som me vil etablera for å driva barnehagen vidare, melder Bua.

Han legg til at dei i liten grad har diskutert vegen vidare, så dette kan det bli justeringar på.

Etter at ungdomslaget gjorde vedtak om driftsovertaking, har dei tatt initiativ til skiping av eit nytt ideelt aksjeselskap for drift av barnehagen. Laget vil gå inn med ein aksjekapital på 300.000 kroner i dette selskapet, og har i tillegg fått lovnader om meir enn 100.000 kroner frå andre.

Stillar seg bak avgjerda

Foreldrerepresentantane i samarbeidsutvalet (SU) for Bua kultur- og friluftsbarnehage, Espen Helvig og Berend de Wald, skriv i ein SMS til Vestavind at dei stiller seg bak meldinga som Bua ungdomslag har sendt ut. Ut over dette vil ikkje SU-representantane gi ytterlegare kommentarar.

Det har så langt heller ikkje lykkast å få andre kommentarar frå foreldre som blir råka av at barnehagetilbodet på Bua blir borte.

Powered by Labrador CMS