nyhende

Lite sjølvhøgtidsame må dei vel seiast å vera, Bente Iren Bjelland og Åge Bøe, som stilte seg i badekaret då dei fredag sa ja til kvarandre under ein romantisk bryllaupsseremoni heime i gardstunet på Kvalvåg. Ordførar Linn Therese Erve stod for vikslinga. Bak frå venstre står Øyvind Bjelland, Karen Enge, Trine Henriksen, Gry Andersen Flatnes og Rolf Inge Reiersen, fire av desse var forlovarar.
Lite sjølvhøgtidsame må dei vel seiast å vera, Bente Iren Bjelland og Åge Bøe, som stilte seg i badekaret då dei fredag sa ja til kvarandre under ein romantisk bryllaupsseremoni heime i gardstunet på Kvalvåg. Ordførar Linn Therese Erve stod for vikslinga. Bak frå venstre står Øyvind Bjelland, Karen Enge, Trine Henriksen, Gry Andersen Flatnes og Rolf Inge Reiersen, fire av desse var forlovarar.

Gifta seg i badekaret

«Kjærestepar, kjærestepar gifta seg i badekar». Bente Iren Bjelland og Åge Bøe valde ein utradisjonell måte å gifta seg på. Kvifor ikkje starta ekteskapet i badekaret?

Publisert Sist oppdatert

Sist helg var det duka for vigsel og bryllaupsfest på Kvalvåg. Hovudpersonane sa ja til kvarandre ståande oppi eit badekar heime på gardstunet der dei bur.

– Dette med badekargreiene var det eg som tulla med først, og så tente Åge heilt på den ideen, ler Bente Iren Bjelland, som etter giftarmålet fredag har lagt til Bøe i etternamnet sitt. Paret har begge born frå tidlegare forhold. Han er far til Sofie (snart 12), ho mor til Sofia Ananda (9).

Brureparet Bente Iren Bjelland og Åge Bøe med døtrene Sofie (til venstre) og Sofia Ananda.

Rørte bryllaupsgjester stod rundt og fekk med seg den høgtidsame seremonien, der ordførar Linn Therese Erve stod for vigslinga. I tillegg til å lesa det faste vigselformularet, las ho også diktet «Ikke for nær» av Egil Ulateig, etter brureparet sitt eige ønskje.

– Oppdrag som dette er noko av det finaste med dette vervet, – for meg er det ei ære, kommenterer Sveio-ordføraren.

Ifølgje brura var bryllaupsdatoen bestemt i god tid, men då det blei klart at feiringa ikkje kunne gjennomførast som normalt grunna koronaepidemien, bestemte paret seg for å arrangera ein to-dagars fest. Dei måtte likevel kutta ein god del i gjestelista.

– Korleis møtte de kvarandre?

– Frå 5. klasse og ut ungdomsskulen gjekk me i parallellklasse på Sveio, men utover det kjente me ikkje kvarandre. Det er eigentleg jentene våre me har å takka for at me kom saman. Det var dei som blei bestevenner først, og etter det blei det naturleg at me vaksne også snakka saman, og så utvikla det seg derifrå, fortel Bente Iren som er oppvaksen på Bjelland.

Til dagleg har ho arbeidsplassen sin i Gjermundshaugen barnehage. Ektemannen overtok heimegarden Bøe på Kvalvåg for mindre enn eitt år sidan.

Powered by Labrador CMS