nyhende
Generøs og lunefull haust
Finst det noko betre enn når alt klaffar – når planta du har venta på gir deg gode frukter eller slår ut i full blomst!
Kristtornbusken i hagen har aldri vore flottare. Dei raude bæra er eit syn og blir beundra av alle som går forbi. Frukttrea derimot, dei som årvisst har gjeve oss søte eple og plommer, tek plutseleg eit kvileår. Kvifor? Er det naturen som driv gjøn med oss, eller ligg det noko anna bak?
Dei ulike fenomena kan diskuterast i det uendelege, men finst det nokre sikre teikn/forklaringar, me kan støtta oss til?
Me har spurt Annlaug Fludal, rådgjevar grovfôr, plantevern og kulturlandskap, Norsk landbruksrådgiving Rogaland, som gjerne deler fagleg kunnskap med oss.
– Kvifor det er så mykje kristtorn i år, veit eg ikkje. Kanskje blomsteranlegga blir utvikla seinare enn frukt. Hausten var vel finare enn sommaren i fjor? Svaret ligg nok uansett minst eitt år tilbake når det gjeld alle desse spørsmåla.
Mange faktorar spelar inn
Når ein skal gi svar på kvifor enkelte planter gir god avling/rik blomstring, er det ikkje nok å tenkja tilbake til våren. Ifølgje rådgjevaren blir blomsteranlegg i mange tilfelle laga klar året før. Dersom det er lite blomstring på eit plommetre til dømes, kan det heller ikkje bli mykje frukt. Om det er rikeleg blomstring kan likevel ein kald vår med dårleg pollinering eller direkte frost i blomst, gi dårleg haust.
Fludal trur at mykje av den dårlege frukthausten i år skuldast den varme sommaren 2018. Den gav grunnlag for rik blomstring på svært mange planter i fjor.
– Når plantene tar ut alle krefter det eine året gir det mindre blomstring neste år. Dette blir kalla vekselbæring og kan vera veldig typisk for enkelte sortar av plomme for eksempel, medan andre er meir på det jamne.
Rognebærmøll
Rognebærmøll har alltid vore eit frykta skadedyr i eple. Men det kan gå mange år mellom kvart angrepsår. Når kjemiske middel blei tatt i bruk sikra ein seg nok uansett, men etter kvart som tanken om integrert produksjon (minst mulig kjemiske middel) blei det tatt i bruk varsling av slike variable skadedyr og soppangrep.
– Då eg starta i forsøksringen var det to varslingsstasjonar for rognebærmøll i Nedstrand. Eg var inne to gonger kvart år. Om hausten blei det hausta rognebær frå skogen rundt 1000 bær blei telt opp og sendt inn for klekking ved plantevernet på Ås. Neste vår blei antal rognebærblomar på visse avmerka greiner telt opp for å bestemma om blomstringa var normal eller avvik. Rognebærmøll føretrekk rognebær. I år der det er mykje møll frå året før, og samstundes lite rognebær, er det fare for angrep på eple. Då gjekk det ut varsel om sprøyting. Dette gjorde at ein kunne spara sprøyting i alle andre år. Nå har desse midla vore forbode i veldig mange år, opplyser Fludal.