nyhende
Gavmilde kvinner på sommarbesøk
Hjørdis Kallevik og Anne Lise Olsen hadde med seg to store sjekkar, både i storleik og summar, då dei kom på sommarbesøk til Førde skule.
Gladmeldinga om at Førde Kvinne- og Familielag hadde vedteke å gje 25.000 kroner til Førde skule og 10.000 kroner til Vaksenopplæringa i Førde, skulle eigentleg offentleggjerast i mars. Men nedstenginga av Noreg 12. mars sette ein stoppar for dette.
– Pengane har dei fått for lengst, men me ville gjerne markera det med både sjekkar og besøk, seier Hjørdis Kallevik, leiar i kvinne- og familielaget.
Utanom det vanlege
Det er ikkje ofte kvinne- og familielaget gir så store summar til bygda og nærmiljøet. Det er heller ikkje kvart år dei delar ut pengar.
– Skulen trong pengar til oppgradering av utemiljøet, og Vaksenopplæringa midlar til fellestiltak, så i år har me valt å gje støtte utanom det vanlege. Oppgraderinga kjem dessutan bygda til gode i og med at ungane også brukar uteområdet etter skuletid, seier Kallevik.
Det var elevrådet ved Førde skule som sende søknad om støtte. Dei har også sendt brev og takka for den flotte gåva. Midt i skuletida, er det rektor Solveig Røynstrand som tek imot den symbolske sjekken.
Overvelda og takksam
– Det var stort for elevrådet å få så mange pengar. Dei er blitt brukt til å kjøpa nye mål for både fotball og basket. Noko vi ikkje hadde fått til utan støtta frå Førde kvinne- og familielag, seier rektoren.
Ho er både overvelda og takksam, og synest det er flott å ha nokre som jobbar for Førde-bygda på denne måten. Røynstrand tok også imot den symbolske sjekken på vegne av Elin Hetlesæter, som er teamleiar for Vaksenopplæringa.
– Pengane skulle brukast til ein ekskursjon for alle deltakarne saman med andre vaksenopplæringar i Etne, Ølen og Tysvær. Planen var tur til Olalia, men så kom koronaen, og turen er sett på vent. Tur blir det så snart det er mogeleg å få det til, fortel Røynstrand.