nyhende

Ein av dei første som stemte i Sveio sentrum var Geir Aase. FOTO: EINAR VESTVIK
Ein av dei første som stemte i Sveio sentrum var Geir Aase.

Gav stemma si til det han trur er mest framtidsretta

Publisert Sist oppdatert

Ein av dei første som stemte over fylkestilhøyrsle i røystelokalet i Sveio sentrum var Geir Aase.

Han vil ikkje fortelja kva han røysta.

— Men eg har gått inn for det eg trur er mest framtidsretta, seier han.

Då røystelokalet opna i Sveio soknehus, var det alt ein del folk som venta på å få avgi si stemme.

Dei første kom ved 09.30-tida.

Røystelokala i både Sveio, Førde og Vikse er ope mellom klokka 10 og 19.

Powered by Labrador CMS