nyhende

Kjetil Fosse er no på ettersanking av sau på Haukeli. Foto: Hedda Brueland Mundal
Kjetil Fosse er no på ettersanking av sau på Haukeli.

Garden er framleis utan straum

Ifølge Fagne si oversikt var det klokka 11.30 måndag 23 kundar utan straum i Sveio. Ein av dei er Kjetil Fosse som har vore straumlaus sidan seint fredag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Dei andre straumbrota er meldt inn i dag. 20 kundar på Stualand kan ifølge Fagne rekna med å få straumen tilbake innan klokka 12.00 i dag. Dei to kundane på Langhammar har fått 14.30 som tidspunkt.

Fosse sa til Vestavind søndag at han var lova straumen tilbake innan 16.00. Etter fleire utsettingar gjennom helga, såg han ikkje vekk frå at det kom til å bli ny utsetting. Og han fekk rett. No melder Fagne at dei reknar med å ha straumen tilbake innan 15.00 måndag.

Fosse er på ettersanking av sau, men følger med på korleis det går med straumen på garden.

– Her på Haukeli er det straum, og me har så langt i dag funne to sauer og fire lam, melder han på SMS.

Powered by Labrador CMS