nyhende
Går inn i nyåret med nytt karatebelte
Onsdag kveld heldt Sveio Karate gradering og årets siste trening. To puljar med elevar fekk nye belte. — Eg får nestan lyst til å byrje sjølv, seier Jason Pakai, far til ein karate-utøvar.
Det var bikkjekaldt utandørs og årets siste trening for Sveio Karate sist onsdag kveld
Innandørs var det både trongt og god plass i lokalet då graderinga skulle haldast.
Tett i tett sat familiane på nokre bord ved sidan av dojo-en.
Utpå mattane var det litt betre plass mellom karate-elevane, eit naudsynt sikkerheit-tiltak når armar og bein skal flyge.
Nytt belte og bilete på veggen
Først var det nybegynnarane som skulle gjennomføre sine prøvar. Japanske gloser kom frå norske munnar og dei sette i gong.
Kamp-liknande bevegelsar leda elevane rundt i rommet før det heile avslutta med å bukka til sensei (læraren).
Nøgd med oppvisinga gjorde sensei Gunnar Osmundsen og sensei Synniva Agasøster seg klare til å dele ut diplom og belte.
Nybegynnarane stilte seg opp for eit fellesbilete som Osmundsen skal hengje på veggen. Applaus frå familie kunne høyrast, og stolte foreldre fekk ta bilete.
Etterpå var det på med vanlege klede utanpå drakta, for då skulle dei ut att i den kalde desembernatta.
Bror og syster
— Eg skal sjå dei to barna mine Frøya og Odin, sa Tore Miljeteig.
Godt plassert i tilskodar-området sat pappaen klar til å sjå dei to som snart skulle kvalifisere seg til ein ny grad.
— Frøya byrja når ho var fem år, sa han.
Ein ny gradering tok plass, og grunna at syskena har forskjellige belte gjorde dei bevegelsane i kvar si omgang.
Så vart det nok ein runde med nye belte, bilete og mykje applaus.
Fall på plass med karate
Ein av dei som graderte seg til gult belte var Jayden Pakai (8). Til stades for å sjå han var lillebror Henry, mamma Dainora og pappa Jason. Faren fortalde at Jayden har prøvd ut forskjellige sportar, men at det var først når han fekk på seg karate-drakta at det klaffa.
— Han likte det godt og gjer fortsatt det eit år inn i treninga, seier Jason.
Og foreldra held seg godt oppdatert på karaten til Jayden.
— Kvar gong han lærar noko nytt får me sjå det heime, seier Jason
— Då vert det oppvising, seier Dainora.
— Det spørs om ikkje lillebror skal byrja også etter kvart, seier Jason.
Faren vart litt inspirert når han fekk sjå kor flink sonen har vorte på eit år.
— Eg får jo nesten lyst sjølv. Eg må jo køyre dei til trening uansett, humrar Jason.
Snart 20 år med karate
Sveio Karate har vore aktiv sidan 2004 og nærmar seg eit 20 års jubileum, noko klubben har til felles med sensei Osmundsen.
— Eg byrja med karate i 1985, og det har vore nokre pausar undervegs. Men snart vert det 20 år samanhengande, seier sensei Gunnar Osmundsen
Han fortel at i byrjinga heldt dei til på Vigdartun før dei i 2012 flytta til Sambrukshuset. Det var først i 2019 at Sveio Karate fekk plass på i det såkalla «Kiwi-bygget».
Eit år seinare kom pandemien, noko Osmundsen seier råka dei hardt.
— Me var nesten 100 medlemmer før covid og var nede i om lag 30 på det minste. Så er me på god veg tilbake og jobbar for å rekruttere fleire, seier han.