nyhende
Går i pluss
Sveio kommune sitt mål er at Ryvarden skal verta økonomisk sjølvstendig over tid. Rekneskapen for 2022 viser at dei er på veg, om berre litt.
Måndag den 20. mars fekk formannskapet årsmeldinga og rekneskapen til Ryvarden. Der går dei akkurat i pluss, med beskjedne 2.055 kroner.
Utgiftene var på 2.746.475 kroner og inntekta på 2.748.530 kroner.
Mål om sjølvstende
Kulturfyret er kommunalt eigd, men Sveio har sett som mål at fyret på sikt skal verta økonomisk sjølvstendig.
Skal Ryvarden klara seg utan kommunale overføringar, må dei auka innteninga og mogelegheitene deira for inntekt. I fjor mottok dei 400.000 kroner frå kommunen i driftstilskot.
Styret i Ryvarden si vurdering er at det har vore eit godt år med framgang, men at dei ikkje er i mål enno. Mellom anna nådde dei ikkje målsetjinga på overnattingar, men samstundes aukar talet på gjester frå cruiseskip.
Må auka potensiale
Samandraget frå styret lyder slik:
— Drifta er sårbar, då Ryvarden i stor grad har ei sesongbasert drift.
Dei peiker også på låg fast bemanning i høve til mengda oppgåver og forventningar.
Eit noverande ynskje om å undersøkja auka mogelegheita for overnattingar, vart løyva pengar til frå kommunen i fjor.
Dette trekk også styret fram i årsmeldinga:
— Vidare utvikling av bygningsmassen må vurderast for å ta ut fullt potensial.
Styret meoner Ryvarden har eit stort potensiale, og trekk fram kor populært stad det er for særleg turgåarar og barnefamiliar.