nyhende
Fylkeskommunen støttar kommunalt prosjekt for psykisk helse
Sveio kommune har blitt tildelt 100 000 kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune til prosjektet «Kunnskap, kompetanse og samspel for god psykisk helse i ungdomsskulen».
Prosjektet har ei total ramme på 150 000 kroner, der 50 000 er verdien av eige arbeid i kommunen, skriv Sveio kommune.
– Dette var ei svært gledeleg melding å få. Både dei folkevalde og ungdomane sjølve har vore opptekne av å setta enda meir fokus på dette viktige området, seier ordførar Linn Therese Erve.
God psykisk helse i ungdomsåra er svært viktig for folkehelsearbeidet. Om dei unge kjenner tryggleik og kan få god oppfølging når dei slit, vil dei ha eit mykje betre utgangspunkt for vaksenlivet sitt. Sveio kommune sitt prosjekt vil derfor òg ha fokus på å jamna ut sosiale skilnadar, slik at alle skal ha eit mest mogleg likt utgangspunkt, står det på nettstaden til kommunen.