nyhende

Illustrasjonsfoto: Irene Flatnes Haldin

Funn av død person i Sveio

Publisert Sist oppdatert

Klokka 15.06 torsdag fekk politiet melding frå AMK om funn av ein død person i traktor i Sveio, som blei erklært død av lege på staden. Vedkommande er identifisert, og er ein mann i slutten av 60-åra heimehøyrande i kommunen. Pårørande er varsla.

Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar, det er ikkje mistanke om noko kriminelt i samband med dødsfallet. Dødsårsaka kan ein ikkje seia noko om. Rutinemessig etterforsking er starta, skriv politiet i Sør-Vest på Twitter.

Powered by Labrador CMS