nyhende
– Fungerer greit med mobilforbod
Ungdomsskuleelevar i Sveio let seg ikkje sjokkera av Utdanningsdirektoratet si tilråding om mobilforbod i grunnskulen og vidaregåande skule. Sveio har lenge hatt eit slikt forbod.
Fire 10. klassingar som Vestavind møtte onsdag, meiner dette forbodet absolutt er til å leva med.
– Det fungerer på den måten at at me plasserer mobiltelefonane våre i eit såkalla mobilhotell ved starten av skuledagen. Læraren låser deretter mobilhotellet. Me får telefonane igjen ved slutten av dagen eller dersom me treng dei til noko særskilt, forklarar Oscar B. Talle.
– Fungerer greit
Me møter han saman med klassekameratane Daniel Svartveit, Daniel Nordtveit og Tolete Waketha.
– Korleis opplever de denne ordninga?
– Det går heilt fint, seier Oscar.
– Dersom me treng å ta kontakt med nokon i løpet av skuledagen, kan me bruka chromebook-en. Me får også ut telefonen om det er nødvendig. Det er litt komplisert med forbod, sidan mange likar å ha telefonen med seg heile tida. Men han kan jo også misbrukast til å ta bilde at folk, og så er det kanskje mange som blir distraherte og ikkje følgjer så godt med i timen.
Daniel S. seier han er heilt nøytral til spørsmålet om forbod. Namnebroren Daniel N. deler derimot Oscar sitt syn.
– Bra me tar dei inn om morgonen, for då kan ingen ta bilde av folk utan løyve. I tillegg fører det til at me følgjer meir med i timen.
– Eg synest det er like greit, sjølv om ungdommar er hekta på mobil. Me er blitt vane med det. Det hjelper å få ein liten pause frå mobilen, seier Tolete.
Delte meiningar om vidaregåande
– Kva tenkjer de om at rådet om mobilforbod også skal gjelda i den vidaregåande skulen?
Oscar: – Det blir jo ingen stor forskjell for oss som er vane med det, men kanskje for dei som alt går på vidaregåande. Eg tenkjer også slik at det er frivillig å gå på vidaregåande, medan me blir tvinga til å gå på grunnskulen. Dei vgs-elevane som verkeleg vil læra er det bra for, då dei ikkje blir freista av telefonen.
Daniel S.: – Eg er ikkje tilhengar av forbod på vidaregåande. Det går jo berre ut over deg sjølv om du ikkje følgjer med i undervisninga. Det er eit val den enkelte må ta, tenkjer eg.
Daniel N.: – Det er litt bra at det kjem på vidaregåande også, men det kan vera ein ulempe dersom ein treng å bruka mobilen i undervisninga, for eksempel om ein har gløymt pc-en heime.
Tolete: – Eg har eigentleg berre venta på koma på vidaregåande for å få ha mobilen med meg. Eg skjønar jo at eit forbod kan vera både positivt og negativt.
Dei fire 10. klassingane har det klart for seg kor dei helst vil starta på vidaregåande. Oscar sitt førsteval er TIF på Haugaland. Daniel S. satsar på bygg og anlegg på Haugaland, Daniel N. på TIF Karmsund og Tolete på bygg og anlegg med toppidrett på Haugaland.
Støttar streng line
Lektor Sverre Halleraker støttar tilrådinga som kom til skulen i skriftleg form onsdag. Det er ingen tvil om at undervisningssituasjonen og konsentrasjonen blir lettare utan mobilar i klasserommet, meiner han. Dermed er han også på line med Norsk lektorlag.
– Utdanningsdirektoratet si tilråding om å strengt regulera bruken av private mobiltelefonar og smartklokker i undervisninga, er noko lektorlaget ønskjer velkommen. Me som underviser må bli tatt med i diskusjonen når dette skal implementerast i skulane, seier lektorlaget sin leiar Helle Christin Nyhuus i ei pressemelding som organisasjonen har sendt ut.
Forbod i praksis
Utdanningsminister Kari Nessa Nordtun (Ap), som har ivra for mobilforbod i skulen sidan ho blei utmnemd til statsråd, er også nøgd.
– Eg er trygg på at norske kommunar og fylkeskommunar følgjer nasjonale faglege tilrådingar, seier Nessa Nordtun til Nynorsk Pressekonter (NPK).
Ho forklarar også at tilråding er valt framfor lovendring for å få dei nye reglane gjennomført så raskt som mogleg. Ei lovendring med sikte på forbod ville tatt fleire år.
Delte meiningar
Men ikkje alle jublar. I motsetnad til 10. klassingane i Sveio, meiner Elevorganisasjonen ifølge NPK at dette er feil veg å gå.
Også i det rikspolitiske miljøet er meiningane delte. Tidlegare kunnskapsminister Guri Melby (V) blei intervjua i Politisk kvarter på NRK 2 onsdag morgon. Der kalla ho tilrådinga ei umyndiggjering av lærarar og elevar.
Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier til NPK at han er ueinig med Melby, men også med regjeringa. Ropstad ville heller hatt eit lovforbod.