nyhende

Fullsett minnekonsert for Arne Valen

Det var ikkje eit ledig sete då Valestrand kyrkje laurdag kveld opna dørene til minnekonsert for Arne Valen. Over 200 mennesker møtte fram for å minnast ein kjær sambygdning, og samstundes samla inn pengar til ei god sak.

Publisert Sist oppdatert

Allereie før første tone lydde, kunne prost i Sunnhordland prosti og konferansier for kvelden, Arild Steinsland, glad melda at dei berre på billettsal hadde passert 50.000 kroner til Kreftforeningen. Det synte seg også ute: parkeringsplassen var stappfull, og bilar måtte setjast langs gangvegen utanfor kyrkjegarden.

– Dette er nok den kjekkaste konserten eg har arrangert. Og eg har arrangert konsertar her i snart 20 år. Samspelet mellom artistane var utruleg fint, og måten dei brukte kvarandre på gjer at dette står igjen som noko heilt spesielt, fortalde Steinsland til Vestavind etter konserten.

Prost i Sunnhordland prosti og konferansier for kvelden: Arild Steinsland.

Ei rekke artistar

Første innslag ut var trioen Munor, med Marina Johansson på klaver og fiolin, Almuth Chylek på fiolin og Tobias Tellmann på cello. Den klassiske opninga la ein varm og høgtidleg tone over kyrkjerommet.

Deretter entra Tom Roger Aadland scena og serverte fleire av låtane sine, mellom anna «Alle dei i ei». Så kom Kine Nesheim inn med tre songar – ein av dei som duett med Aadland, «Då eg såg deg sist».

Kine Nesheim og Tom Roger Aadland.

– Kvelden vart mykje betre enn ein kunne drøyma om. Eg hadde ikkje trudd at det kom så mange, seier Aadland etter konserten.

Vidare framførte Ole Morten Velde låtar med stor operarøyst, mellom anna «Oh, Pretty Woman» og «You’ll Never Walk Alone». Kombinasjonen av popklassikarar og operapreg bergtok salen.

Ole Morten Velde sitt bidrag var tydeleg inspirert av musikaren Roy Orbison, da fleire av låtane hans stod på repertoaret denne kvelden.

Så var det klart for Ole Meland Trio, som eigentleg talde sju unge personar med eigenkomponerte låtar som enno ikkje hadde fått nokre namn.

– Det var spesielt å høyre tenåringsgjengen som spelte jazz. Eg har vore lærar for foreldra deira, så det var ei rar og fin kjensle. I praksis var det tre generasjonar på scena i kveld, fortalde Aadland.

Ole Meland Trio. Frå Venstre: Ole Meland, Åsa Sortland, Odin Klingsheim, Gjermund Meland, Ivar Meland, August Harr Rodge og Johannes Knutsen.

Vidare følgde Elin Furubotn opp med fire eigne låtar der ho fekk publikum med i ei aktiv rolle som medsongarar.

Elin Furubotn spelte fleire eigne låtar og fekk publikum med seg.

I Arne si ånd

Ideen til konserten går eigentleg tilbake til Arne Valen sjølv. Han ønskte å halda ein hagekonsert til 70-årsdagen sin, men gjekk bort før dette let seg gjennomføra. Då tok Tom Roger Aadland tak i tanken, og ville likevel få konserten realisert.

– Eg byrja med å spørje Furubotn. Då ho sa ja med ein gong, var me i gang. Eg trur så og seia alle dei andre også sa ja med ein gong. Det seier nok mykje om Arne, sa Aadland.

Tom Roger Aadland spelte gitar og framførte fleire låtar for dei frammøtte laurdag.

Medan Aadland tok ansvaret for å hanka inn artistane, tok Arild Steinsland og resten av gjengen i kyrkja ansvaret for å legga det praktiske til rette.

– Valen hadde sjølv bestemt at pengane skulle gå til Kreftforeningen. Det er eit veldig godt formål som alle ønsker å støtta, seier Steinsland.

Rørt av støtta

Blant publikum sat barnebarna Jenny Valen Wester, Karin Valen Wester, Leah Bergersen og Tuva Bergersen. Dei fortel at kvelden gjorde inntrykk.

– Eg synest det var veldig fint og rørande. Det var fint at så mange ville stilla opp, og at det var så masse forskjellige folk, seier Jenny.

Dei legg ikkje skjul på at det ville vore krevjande å laga noko liknande sjølve.

– Vi hadde det ganske vondt, og klarte ikkje heilt å laga konsert sjølve. Då var det veldig fint at nokon andre tok over og gjorde dette mogleg. Det betydde mykje for oss alle, seier Karin.

Fleire familiemedlemmar frå Arne Valen sin familie var til stades under konserten, blant dei fire av barnebarna. Bak frå venstre: Jenny Valen Wester og Leah Bergersen. Framme frå venstre: Karin Valen Wester og Tuva Bergersen.

At kyrkja var full, opplevde dei som både sterkt og rørande.

– Det var veldig fint at folk ville koma, og at pengane går til Kreftforeningen. Det er eit stort bidrag berre ved at alle er her i dag, seier Tuva.

Når dei skal setta ord på kva kvelden seier om bestefaren, er dei samde:

– Det viser jo at han var ein veldig god mann som ville det beste for alle rundt seg, seier barnebarna.

Avslutta med allsang

Som avslutning stemde alle i salen i og song «Deilig er jorden». Deretter vart det servert kaker og bollar, og det var sal av Arne Valen sine siste honningkrukker. Totalt gav konserten over 68.500 kroner til Kreftforeningen.

Powered by Labrador CMS