nyhende
Fugleteljinga held fram
Sist helg starta årets teljing av hagefuglar. Fram til måndag føremiddag hadde 15 sveibuar rapportert teljeresultat til organisasjonen BirdLife.
Bjørn Stakland på Hokla er ein av dei som har deltatt i fugleteljingane i mange år. I år har han registrert 15 ulike artar. Det er det høgaste talet som er rapportert inn frå Sveio så langt dette året.
— Me er ivrige fuglematarar. Forbruket av solsikkefrø er stort, men så får me også besøk av svært mange fuglearter, fortel Stakland.
Mange bjørkefinkar
Tidlegare år har han hatt besøk av sjeldne arter som sidensvans og stillits på fuglebrettet. I år har mange bjørkefinkar vore innom, og også grønnfink. Sidan Stakland bur ved Hoklatjørna, har han også besøk av fugleartar som trivst i eller ved vassdrag, som ender og svaner. Sangsvane er med blant artane han har registrert i år. Det er i tråd med BirdLife sine reglar for teljing, fortel han. På dei åra Stakland har vore med på fugleteljingar, har han ikkje registrert markert nedgang i nokon fugleart.
— For meg er interessa for fuglar ein rein hobby som eg har vore opptatt av heilt frå barndommen. Og det er ei interesse eg på sett og vis har arva frå far min, fortel Stakland.
Fram til komande søndag
Det var helga 29. og 30. januar som var avsett til teljing av hagefuglar, men mellom anna for å gi skular og barnehagar ein sjanse til å vera med, er det også opna for registrering av teljeresultat i veka før og veka etter denne helga. Det kan såleis meldast inn teljeresultat fram til komande søndag, 6. februar. Og alle kan delta, ikkje berre medlemmer av BirdLife. (Tidlegare Norsk ornitologisk forening).
I fjor var det 29 sveibuar som melde inn teljeresultat. Totalt blei det i 2021 meldt om resultat frå over 13.000 fôringsplassar. Med andre ord er dette ein aktivitet som engasjerer mange. Totalt blei det reistrert 583.004 individ fordelt på 160 artar ved teljinga i 2021.