nyhende
Fryktar uhandterlege tap om formuesskatten blir redusert
I desember ba Sveio FrP om å sjå verknaden av eit kutt i formuesskatten, for å trekka til seg bemidla innbyggjarar til kommunen. No er både rådmann og politikarar klokare – og einige. Den økonomiske risikoen er for stor, og dei positive effektane uvisse.
Med dagens reglar vil ein kommune som kuttar den kommunale formuesskatten mista inntekter frå dagens innbyggjarar. Dersom kommunen får tilflyttarar som følgje av kutt, vil dette føra til auka inntekter frå skatt på inntekt og formue.
Fram til nyleg har det blant kommunane vore praksis å bruka den maksimale satsen for kommunal del av formuesskatt, fram til ein kommune i Vesterålen varsla at dei ville setja ned taksten frå 0,7 prosent til 0,2 prosent, for å trekka til seg nye innbyggjarar.
Stor økonomisk risiko
Dette har også rådmann i Sveio, Jostein Førre blitt utfordra på. Han er klar i si anbefaling – formuesskattesatsen bør haldast på dagens nivå.
– Redusert kommunal formuesskattesats kan ha positive verknadar for Sveio kommune, men det er stor usikkerheit knytt til kva følgjer nedsett formuesskattesats vil få for økonomien i Sveio kommune. Dersom det ikkje fører til auka tilflytting av formuande innbyggjarar, vil Sveio kommune truleg tapa om lag 4 millionar kroner i inntekter frå eksisterande innbyggjarar. Dersom formuande tilflyttarar utan særleg store inntekter kjem til kommunen kan tapa bli store, kan hende uhandterlege. Etter rådmannen sitt syn vil det vera feil å ta stor økonomisk risiko for uvisse positive effektar, skriv rådmannen i sakspapira.
Tap på rundt 4,1 millionar
I 2019 hadde Sveio kommune inntekter frå kommunal formuesskatt på 5,7 millionar kroner, med sats på 0,7 prosent. Med redusert sats på 0,2 prosent, som foreslått av FrP, vil Sveio kommune tapa om lag 4,1 millionar kroner av desse inntektene.
Rådmannen fortel også at signal frå regjeringa er at dei ikkje ønskjer ein kamp mellom kommunane om å ha lågast mogleg kommunal formuesskatt, kommunane kan til og med mista moglegheita til lokal fastsetting av formuesskattesats – eller at den blir tatt vekk.
Saka var oppe i formannskapet måndag 8. februar, der rådmannen sitt framlegg vil vedtak om å behalda formuesskattesatsen på dagens nivå, blei vedteke samrøystes.
Politikarane einige
– Eg er veldig einig i rådmannen si vurdering av saka akkurat no, kommenterte Ruth G. Østebøvik Eriksen, som la fram saka til rådmannen i desember.
Saka skal opp til endeleg vedtak måndag 22. februar i kommunestyret.