nyhende

FAU og bygdelaga er glade og letta, men det er eit skår i gleda:

FAU-representantane Håvard Tvedte og Marryel H. Velde, ved høvesvis Valestrand og Auklandshamn, er svært letta over at skulane består. Samstundes er dei uroa for at dei strenge vilkåra i vedtaket til kommunestyret ikkje skapar forutsigbar utvikling som folk treng for å etablera seg i bygdene.
FAU-representantane Håvard Tvedte og Marryel H. Velde, ved høvesvis Valestrand og Auklandshamn, er svært letta over at skulane består. Samstundes er dei uroa for at dei strenge vilkåra i vedtaket til kommunestyret ikkje skapar forutsigbar utvikling som folk treng for å etablera seg i bygdene.

Fryktar pustepausen blir kort

Avgjerda om å behalda skulane i Auklandshamn og Valestrand, blei møtt med jubel hos dei mange som har kjempa mot nedlegging i lang tid. Rett nok heng det ein liten frykt igjen, då skulane berre er førebels freda.

Publisert Sist oppdatert

– Det viktigaste av alt var å bevara skulane som dei er i dag, noko me sjølvsagt er svært glade for at kommunestyret gjekk inn for. Men det er skuffande at heller ikkje denne gong skal bygdene få litt ro framover, utan å måtta sjå seg over skuldrene i frykt for ein ny kamp for å behalda skulane, kommenterer leiar i Auklandshamn bygdalag, Alf-Helge Lien.

Kort pusterom

Dei same tankane har medlemmene i Valestrand bygdelag gjort seg. Men først og fremst ønskjer dei å takka for støtta og samarbeidet så langt! I sin kommentar til Vestavind skriv bygdalaget:

– Me er sjølvsagt letta og glade for at utfallet ikkje blei nedlegging av skulane våre. Hurra for det! Likevel står me igjen med nokre spørsmål når det gjeld elevtalet og tidsrommet. To år er eit kort tidsperspektiv når ein snakkar om vilje til vekst i heile kommunen. Ja, me er ei engasjert og flott bygd, og håpar på tilflytting og fleire sveibuar der me sjølvsagt skal gjera vårt for å få til dette. Men me ser og at kommunen bør satsa på vekst «her ute».

Hjelp oss å lokalisera område til bustader og næring på denne flotte plassen me bur på!Valestrand bygdelag

Det kan bli vanskeleg å få folk til ei bygd med ein utryddingstrua skule. Hjelp oss å lokalisera område til bustader og næring på denne flotte plassen me bur på! Det same med område til kultur som allereie er så sterkt forankra i bygda vår. Bli med oss å promotera Valestrand! Her er det til dømes lett å fokusera på det grøne skiftet.

Vidare kjenner me på at det kan verka som om det blir lagt opp til endå ein kamp. Me er redd det blir for kort pusterom, spesielt med tanke på krinsgrenser og fritt skuleval (og ikkje minst å produsera elevar. Dette treng me minst seks år på!).

Frå spøk til alvor igjen, så er det fint at fleire får valet når det trengst, så får me håpa (og jobba for) at folk sør i bygda vår vel å senda borna sine nordover. Men førebels skal me pusta. For ved neste kommuneval blir det spennande! Nå vil me bruka denne gode, positive energien til å samarbeida med styret i LivOGLyst og bringa prosjektet med moglegheitsstudiet vidare. Men me vil presisera at me kjem til å følgja godt med vidare i saksprosessen. Til slutt vil me, med stor audmjukheit senda takksamheit og varme til alle som viste så enormt brennande engasjement denne helga – tusen, tusen takk!

Nedleggingstrua likevel?

Etter lang tid med kamp for skulen pustar også FAU Valestrand letta ut.

– No er me mange som er letta over at skulane består. Elevar, lærarar og foreldre slepp uro og usikkerheit fram mot skulestart i august. Dei folkevalde har lytta til innbyggarane sine. Me er likevel uroa for at dei strenge vilkåra i vedtaket ikkje skaper forutsigbar utvikling som folk treng for å etablera seg her. Det betyr at nedleggingsspøkelset kan koma tilbake, seier Håvard Tvedte i FAU.

Den same frykta kjenner FAU-leiar i Auklandshamn, Marryel H. Velde på. Men først og fremst er dei letta over at skulane har blitt freda, iallfall for si stund.

– Elevar, lærarar og foreldre slepp uro og usikkerheit fram mot skulestart i august. Me vi seia tusen takk til alle for det massive engasjementet i denne saka. Nå førast det vidare innsats for utvikling av kommunen vår, seier Velde.

Powered by Labrador CMS