nyhende

Styereleiar Nina J.H. Matre i Sveio Næringsforum (ståande) skriv at ho fryktar konkursar i medlemsmassen. Bildet er frå eit møte i næringsforumet i juni i år.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Styereleiar Nina J.H. Matre i Sveio Næringsforum (ståande) skriv at ho fryktar konkursar i medlemsmassen. Bildet er frå eit møte i næringsforumet i juni i år.

Fryktar konkursar i Sveio

Straumrekningane tek no kvelartak på fleire lokale verksemder. Sveio Næringsforum fryktar konkursar.

Publisert Sist oppdatert

I eit brev som Sveio Næringsforum har sendt til Sveio kommune denne veka, skriv styreleiar Nina J.H. Matre at fleire av deira medlemsbedrifter har fått tredobla straumkostnadane den siste tida.

— Samtidig sel mange næringsdrivande varer i marknader kor der dei ikkje åleine kan auke prisane. Resultat er at straumkostnadane tømmer verksemdene for økonomiske reservar, skiver ho.

Overfor Vestavind djupar jo ut ar det til dømes er verksemder innanfor sal- og service som opplev utfordringar med likviditeten som følgje av høge straumrekningar.

Uroa for konkursar

I brevet skildrar ho stor uro over den komande vinteren, med enda høgare straumprisar og større forbruk.

— Me er uroa for konkursar og oppbod av elles livskraftige verksemder, skriv ho.

På bakgrunn av dette ber Sveio Næringsforum no om at kommunen set i verk straumstøtte til lokale bedrifter.

— Støtta må famna breitt, vere kraftfull og kome raskt på plass, skriv ho.

Næringsforumet oppmodar kommunen om ei rask utrulling, og til føre strenge krav for deltaking og rapportering.

— Dei fleste bedriftene i kommunen vår er små eller mellomstore, og dei vil bruke ei støtteordning etter hensikta, understrekar ho.

Får svar i november

Konstituert rådmann Ingunn Toft i Sveio kommune seier til Vestavind at ho er kjent med brevet og innhaldet i det. På spørsmål om kva svar ho har til næringsforumet, seier ho at det jobbast med å få på plass lokal straumstøtte, og at dei vil kome til politisk handsaming i november.

Les meir om kva tiltak kommunen vurderer her.

RETTING: Ved første publisering av denne artikkelen siterte Vestavind rådmann Ingunn Toft på at næringsforumet vil få svar ved framlegging av rådmannen sitt forslag til budsjett førstkomande måndag. Det er feil, og skuldast ei mistyding om kva brev Vestavind viste til då me tok kontakt med rådmannen.

Powered by Labrador CMS