nyhende
Fryktar for framtida til kyrkjemusikken
Orgelet er hjartet i kyrkja, men stadig færre kan spela på det. Både geistlege og lekfolk slår alarm.
– Eg skulle trudd det var fleire som ville redda dette.
Siv Sjøtun Høye er avdelingsleiar for piano og song ved kulturskulen i Bergen. Ho er særs bekymra for framtida til den norske kyrkjemusikken. Det er nemleg stadig færre som lærer seg å spela orgel.
Satsar på dei unge
På den andre sida av landet, i Uranienborg kyrkje i Oslo, sit ei av dei som verkeleg kan det. Henriette Skagen viser fram orgelet i kyrkja, høgt over benkane i det store kyrkjeskipet.
– Alle organistar likar jo sitt eige orgel best, men eg meiner at dette er eitt av Noregs og kanskje verdas beste, seier ho, medan ho demonstrerer instrumentet med ein liten salme.
Skagen passar kanskje ikkje inn i det stereotypiske biletet mange har av ein organist. Ho er nemleg både kvinne og under 30.
I tillegg til å spela for kyrkjelyden driv ho også musikkundervisning for borna i nabolaget.
– Kva er det som er så kjekt med kyrkjemusikk?
– Oi, det er eit stort spørsmål. Eg har alltid vore veldig glad i kyrkjemusikk. Eg hugsar då eg var lita og fekk ei salmebok. På nokre dagar hadde eg spelt gjennom heile. So fekk eg ei koralbok, og spelte gjennom heile den òg.
Byrja som liten
Skagen byrja å spela allereie då ho var lita. Pianolæraren hennar var også organist i den lokale kyrkjelyden, og gav henne høve til å prøva orgel. Etter kvart fekk ho også lov til å spela i gudstenestene.
– Då eg byrja å studera oppdaga eg den klassiske kyrkjemusikken og tykte den var heilt fantastisk. Eg ville gjerne at born skulle få oppleva det same, og gjerne tidlegare enn eg gjorde.
No jobbar ho hardt for å leggja til rette for akkurat det. I kyrkja på Frogner er ho med å driva ein korskule for born frå fem år og oppover. Når dei fyller seks får dei høve til å prøva orgel også.
– Me har forlengjarar til pedalane slik at alle kan rekka ned, så det gjer ikkje noko om du er litt liten.
Skagen fortel at dei no har 20 undervisningsplassar for orgel i Uranienborg. Og ikkje berre er alle plassane fylte, det er også venteliste.
Mindre kapasitet
Det er ikkje berre Skagen som skulle ønskja at ho kunne ta inn fleire elevar til orgeltimar. Faktisk ser dette ut til å vera eit problem over heile landet.
Siv Sjøtun Høye i Bergen seier dei tidlegare hadde mange fleire elevar, men måtte redusera talet grunna budsjettkutt.
– På det meste hadde me 17 elevar, men no er me litt reduserte, seier ho.
I vestlandshovudstaden er kulturskulen no nede i berre sju elevar på orgelprogrammet. Sjøtun Høye forklarar noko av nedgangen med at dei tidlegare gav redusert pris for orgelelevar, noko som vart fjerna frå budsjettet for to år sidan.
– Det er dårleg økonomi alle stader, seier ho oppgitt.
No kostar ein ordinær plass 5.900 kroner i året, og sidan orgelelevane i tillegg spelar piano vert det eit tilbod for spesielt interesserte.
For få undervisningsplassar
I høgare utdanning opplever dei liknande problem som i kulturskulen. Musikkhøgskulen i Oslo skulle gjerne gjeve fleire musikarar høve til å læra seg instrumentdronninga.
– På vidareutdanning for kyrkjemusikk er det venteliste. I år var det åtte godkjende søkjarar til fyrsteåret, og fem av dei kom inn, seier fyrsteamanuensis Anders Eidsten Dahl.
Han seier dei gjerne skulle tatt inn mange fleire søkjarar, men at det ganske enkelt ikkje er fleire plassar. Det er det derimot på bachelorprogrammet, som har fleire ledige plassar.
Musikkundervising, og særskild orgel, er tid- og plasskrevjande, og fordrar mykje ein-til-ein undervisning. Utdanninga er heller ikkje for dei urøynde. Ein må gjennom ein opptaksprøve, sjølv for å koma inn på det fire år lange bachelorprogrammet. For å koma inn må ein som minstemål altså kunna spela orgel på eit visst nivå frå før.
– Kan det tenkjast at terskelen for å ta denne utdanninga er litt for høg?
– Tja. Ein vanleg bachelor er på tre år, så det er ikkje mykje lengre. Dessutan er det naudsynt med så mykje tid for at studentane skal vera godt rusta fagleg for jobben. Dei får eit godt grunnlag, og lærer også arven til faget å kjenna.
Komplisert organisering
Kyrkjerådet, det øvste administrative organet i Den norske kyrkja, er fullt klar over problema med rekruttering til kyrkjemusikken. Dei er særs bekymra over utviklinga.
– Ein må kunna seia at det er ein litt prekær situasjon. Det er kring 800 tilsette i kyrkjemusikken i Den norske kyrkja, men mellom 200 og 300 av dei vil gå av dei neste tiåra. Det kjem me ikkje til å dekkja inn med rekruttering på dagens nivå.
Det seier Mathias Gillebo, som er seniorrådgjevar for musikk og kultur i Kyrkjerådet.
Han er med det godt posisjonert for å sjå problemet på landsbasis og meiner problemet må løysast med ei styrking av finansieringa frå både stat, kommune og Kyrkja.
Kven som har ansvaret for kyrkjemusikken er nemleg eit særs komplisert spørsmål. Kyrkjemusikarane er underlagt dei lokale kyrkjelege fellesråda, og er finansierte av kommunane. Det er i tillegg ei lovpålagt stilling. Dette gjer at problemet med rekruttering krev mykje samarbeid mellom dei einskilde organa lokalt og nasjonalt.
– Det er eit ansvar for både Kyrkja, staten og kommunane. Folk i både styresmaktene og internt i Kyrkja må verta klare over at me faktisk er den største arbeidsplassen for musikarar i Noreg.
– Samstundes kan det verka som at styresmaktene ser på oppretthaldinga av kyrkjemusikk som hovudsakleg Kyrkja og utdanningsinstitusjonane sitt ansvar. Etter Kyrkja vart skild frå staten fall problemet litt mellom to stolar, seier Gillebo.
Kulturelle midtpunkt i fare
For kulturmiljøet på små plassar kan det også ha store konsekvensar om musikaren forsvinn.
– Kyrkjemusikk er meir enn lyden av orgel på ein sundag. Me snakkar om eit breitt felt, av stor samfunnsmessig verdi. Ein landsdekkjande infrastruktur der kyrkjemusikarar over heile Noreg ikkje berre står for musikken i kyrkja – men ofte er navet i det lokale kulturlivet, gjennom korverksemd, musikkundervisning, festivalar, samarbeid med frilansarar, spel på sjukeheimar og i kulturskular.
– Kantorane kan vera kunstnarar på høgt nivå, og dei skapar ein form for møteplass som gjerne er uavhengig av tru. Det er den store samfunnsnytta ved kyrkjemusikken i eit samfunn som er ganske ribba for møteplassar på tvers av generasjonar og sosioøkonomiske tilhøve, seier Gillebo.
– Er det nokon stader i landet de merkar dette ekstra godt?
– Me ser at problemet er særskild tydeleg i strok fjernt frå byane. Der er det nok vanskelegast med rekruttering. Samstundes ser me at dette heng saman over alt; det gjeld også i meir urbane område.
Mange problem, mange løysingar
Slik står saka altso: kyrkjemusikken tapar folk, kyrkjene slit med rekruttering og utdanningsstadene har for få plassar. Det er eit stort og komplekst problem, men finst det løysingar?
– Eg tenkjer det er ekstremt viktig at me får fram at kyrkjemusikken er ein sentral del av kulturarven, ei kunstform i stadig utvikling, og ein levande sosial praksis i gudstenester, kyrkjelege handlingar og konsertar. For det andre er det også ei form for beredskap, ved gravferder, ulukker og nasjonale hendingar, seier Gillebo.
Han meiner også det må koma meir pengar til utdanning, sjølv om det kanskje ikkje løner seg i kroner og øre. Det er nemleg ein trygg karriereveg, der dei fleste får jobb og er ein ressurs for det lokale kulturlivet.
Null prosent arbeidsløyse
Det kan førsteamanuensis Eidsten Dahl vera samd i.
– Det er i praksis null prosent arbeidsløyse. Ein kan også leggja til masterutdanning og pedagogikk og verta lektor, til dømes.
Han oppmodar også kyrkjemusikarane sjølve til å ta litt ekstra ansvar.
– Kanskje det kjem ein ungdom til deg og spør om å få prøva orgel. Om dei då får nei, vert det kanskje ikkje noko meir av det. Kanskje må me strekkja oss litt, og be arbeidsgjevarane våre om å leggja til rette for det.
Også organist Skagen meiner det er særs viktig å satsa på dei unge, og gje dei høve til å få prøva orgelet, slik ho fekk då ho var lita.
– Me har vald å byrja å rekruttera born. Det har lenge vore tradisjon for at ein lærer å spela piano, og så kan ein byrja med orgel når ein er tolv og stor nok til å nå ned til pedalane. Her hos oss byrjar dei i fyrste klasse