NPK: Konsekvensane kan bli enorme også for norske forbrukarar dersom dei store internasjonale selskapa som sel og fraktar mat og matvareingrediensar hamnar i ei likviditetskrise, fryktar hedgefondforvaltar Tor Svelland.
– Eg seier ikkje at det blir tomt på Kiwi i morgon, men viss det skjer noko med desse selskapa, så vil ikkje eit brød koste 30 kroner, men 100 kroner, seier den erfarne råvaretradaren og hedgefondforvaltaren til Dagens Næringsliv.
Russlands invasjon av Ukraina har skapt store prissvingingar i råvaremarknaden, og Svelland, som sist er mest kjent som sjef for shippingmilliardær John Fredriksens imperium, er bekymra for dei store internasjonale gigantane som tradar og fraktar «alt» av maten i verda.
– Det kan berre ikkje skje noko med dei. Det vil vere så dramatisk at du ikkje fattar det. Dei må fungere, og det må politikarane skjønne, seier han til avisa.