nyhende
Fryktar at artsinnvandring skal øydelegge kystlyngheiene
Rett over påske skal Miljødirektoratet leggje fram si tilråding i spørsmålet om utanlandske treslag i norsk skogplanting.
Vi finn kystlyngheiene langs heile norskekysten, og det er frykt for at framande arter skal øydeleggje arter soms naturleg høyrer heime i dette landskapet. Og sitkagrana, ein gong sett på som redninga for det vestnorske skogbruket, er ein skikkeleg versting. Det er ikkje uvanleg å bruke uttrykket pøbelgran om det rasktveksande treet.
Ope landskap
– Sitkagrana har vorte planta i store mengder i kystnære område. Dette er ein art som har stort invasjonspotensial i kystnaturen, noko som har stor økologisk effekt. Ho veks raskt og fortrengjer andre arter som naturleg høyrer til der. Det er slik at sitkagrana konkurrerer ut dei lyskrevjande lyngheiartane, seier forskar Liv Guri Velle ved Møreforsking.
Velle er utdanna biolog med fordjuping i vegetasjonsøkologi og er forskingsleiar for gruppa i Møreforsking som arbeider med marine- og kystnære økosystem.
Ho er glad for at bruken av framande treslag i skogplantinga går ned, fordi påverknaden desse treslaga har på naturen er meir omfattande enn det ein trudde tidlegare.
Den storstilte skogplantinga i tiåra etter krigen gjer at det er mange plantefelt med sitkagran heilt ute ved kysten, men sjølv om mange av desse hogstfelta er hogstmodne, så blir det ikkje hogd. Det er rett og slett ikkje lønsamt.
Sidan sitkagrana er flink til å formeire seg, så er kystlyngheiene svært utsette. Det er registrert frøing frå sitkagran opptil to kilometer frå plantefelt. I raudlista for naturtypar er kystlyngheia vurdert som sterk trua.
Fleire stader langs kysten er sitkagrana fjerna frå plantefelt, blant anna på øya Fjørtoft i Møre og Romsdal. Der vart sitkagrana så dominerande at det vart avgjort å fjerne arten frå plantefelta på øya.
Det er ikkje berre sitkagrana som truar, det kjem også frå hagar og frå landbruket, men alle er ikkje like farlege. Det spesielle med sitkagrana er at ho er merkt med svært høg risiko i framandartlista.
Dominert av lyngplantar
Kystlyngheiene blir karakteriserte som eit ope landskap dominert av lyngplantar, der røsslyng er ei viktig art.
Liv Guri Velle fortel at kystbøndene i generasjonar har halde kystlyngheiene i hevd ved hjelp av lyngsviing, beitebruk og tidlegare også slått. I dag er heilårsbeiting med gammalnorsk sau i kombinasjon med lyngsviing dei vanlegaste metodane.
I Miljødirektoratets forslag til ny forskrift om bruken av utanlandske treslag vart det foreslått å gi skogeigarar eit større ansvar for å kontrollere spreiing av utanlandske treslag. I forslaget vart det teke til orde for å etablere ei ansvarssone på 100 meter, der skogeigar skal kontrollere og fjerne spreiing. Det skal framleis vere høg terskel for å setje ut utanlandske treslag, men skogeigarar skal kunne søkje om å plante til dømes sitkagran.
Forskarane og miljøorganisasjonane er ikkje nøgde med forslaget. I høyringssvara sine skriv Naturvernforbundet, Sabima, Botanisk foreining og WWF Verdsnaturfondet at dei er «skaka» over at det framleis skal vere lov å plante framande vekstar.
Kommunikasjonsrådgjevar Martin Lerberg Fossum i Klima- og miljødepartementet seier til NPK at det ferdige forslaget til ny forskrift frå Miljødirektoratet er venta til departementet rett over påske.
– Dette er ille
Også Miljøpartiet Dei Grøne, MDG, har engasjert seg i saka.
– Dette er ille. Det er ein direkte invitasjon til skogeigarar til å plante med framande treslag, og ei direkte ansvarsfråskriving frå regjeringa og Miljødirektoratet, sa stortingsrepresentant Rasmus Hansson til NRK nyleg.
Norskog, medlemsorganisasjonen til mange skogeigarar, var meir positive då dei fekk saka til høyring.
– Vi har ingen intensjon om å sage av greina vi sit på, og bruken av utanlandske treslag vil vere sterkt regulert. At styresmaktene opnar for å plante utanlandske treslag som får stå til over fertil alder, er positivt, seier Kristine Jacobsen i Norskog.
(©NPK)