nyhende
Frost frys framgang i Førde
Førde Bygdalag er godt i gang med å setja opp klatrestativ på Førdestranda. Men, uventa snø undervegs har vore til bry for arbeidet, og frosten stoppa støypinga.
— Me håpar det vert skikkeleg vår no, slik at det vert klart til sommaren, seier Tor Inge Flåten, leiar i Førde Bygdalag.
Dei er opptekne av å halda stranda fin og attraktiv i Førde, både for seg sjølv og besøkjande.
Dessverre har dei støtt på eit litt keisamt problem.
— Arbeidet er kome i gang, men frosten stoppar støypinga, seier Flåten.
Frost og tele må ut
Det vekslande vêret som har vore dei siste vekene, gjer at arbeidet må setjast på pause.
— Me hadde planar forrige laurdag at me skulle støypa, men så kom snøen, seier han.
No håpar han og bygdalaget at våren endeleg kjem, eller i alle fall at minusgradar ikkje kjem igjen før til neste vinter.
— Frosten og telen må ut, og så kan me byrja att, seier Flåten.
Klart til sommaren
Han og sambygdingane har vore aktiv i å sikra spelemidlar i frå Vestland fylkeskommune, og tilskot frå Sveio kommune si nye ordning.
Det brukar bygdalaget på ein ny leikeplass, der det skal koma eit stort klatrestativ og ein karusell tilgjengeleg for born både til fots og i rullestol.
Ein av dei mange medhjelparane har til og med laga ein miniatyrmodell av klatrestativet. Flåten gjev ros til Morten Kristiansen, mannen som har laga den.
— Eg er imponert over kor bra og detaljert den er, seier han.
Målet er at det skal stå klart til sommaren, og Flåten viser at dei allereie har kome eit stykke av garde.
— Det er sju stolpar igjen som skal førast opp, seier han.