nyhende

Naudetatane var raskt på plass på ulykkesstaden. Foto: Politiet
Naudetatane var raskt på plass på ulykkesstaden.

Front mot front i Valevåg

Laurdag kolliderte to bilar på E39 i Valevåg like sør for Bømlafjordtunnelen.

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk melding av ulykka like etter klokka 14.00. Ulykka framsto som ein front mot front-kollisjon, og alle naudetane rykka ut. Kort tid etter var brannvesenet på staden og dirigerte trafikken.

To bilar og tre personar var involvert i ulykka. Dei som var i bilane vart tilsett av helsepersonell, men ingen av dei framsto som alvorleg skadde. Bilane fekk store materielle skadar og måtte fjernast av bilbergar, opplyser politiet.

Politiet gjorde sporsikring og avhøyr på staden, og det er oppretta sak.

Bømlafjordtunnelen var stengt i vel halvannan time i samband med ulykka. Det førte til lange køar på begge sider av ulykkesstaden.

Det oppsto lange køar i samband med ulykka.
Powered by Labrador CMS