nyhende
Frøken Fryd-damene opnar butikk nummer tre
Mange vil tenka tilbake på 2020 som eit spesielt år. Det vil nok Åse Marie Løkling også gjera, men på ein litt annan måte enn folk flest. I dag opnar ho den tredje Frøken Fryd-butikken på kort tid.
Løkling tar med seg konseptet som dei to andre butikkane er bygd opp på til eit kjøpesenter. Her vil det bli mykje garn, interiør, snop, gåvepakkar og litt grøne plantar. Oppsummert er det likt som på Gard, bortsett frå snittblomar.
– Eg gler meg veldig, eg lev og andar for garn og har strikka i mange år, seier Berit Hidle, mor til Løkling. Ho har følgt heile prosessen, først på Moster i mars, deretter nyopninga på Gard-senteret i august og no på Oasen storsenter.
Hjelper kvarandre
– Korleis er omsetnaden?
– Me har hatt relativ jamn omsetnad, men ønskjer sjølvsagt meir. No når me opnar på Oasen, vil enda fleire høyra om oss, det vil også gagna butikken på Gard. Der har me alt fått stamkundar, seier Løkling på telefon.
Men korleis kjem ein på å opna enda ein ny butikk, no når det er pandemi og det som høyrer med?
Ønska på senteret
– Det var heilt tilfeldig. Me snakka om kva sprell me kunne finna på til neste år, og landa på at det eventuelt måtte bli til våren. Det blei diskutert kor Frøken Fryd ville passa inn, og då tenkte me på Oasen, dei mangla mykje av det me hadde, fortel Løkling, som deretter undersøkte korleis det ville vera å koma inn på senteret.
– For halvannan månad sidan hadde me møte med senterleiinga, og fortalde kva tankar me hadde. Me blei bedne om å komma inn med ein gong – då blei eg litt sett ut, ler Løkling, som tenkte seg om eit par dagar før ho sa ja.
Opning i dag
Dei riggar til julebutikk, og vil sjølvsagt ta førehaldsreglar når det kjem til opningsdagen med tilhøyrande tilbod i dag.
– Me tilbyr også utlevering. Me har handsprit, senterleiaren har snakka om at dei vil laga eit køsystem til i dag. Så får me vera effektive og hjelpa folk så godt me kan, seier den positive butikkeigaren.