nyhende
Frivilligheitsprisane: No skal eldsjelene løftast fram
Er det ein person ifrå ditt nærområde som bør bli sett ekstra pris på? No kan du nominere frivillige og eldsjeler til frivilligheitsprisane.
Prisane som skal delast ut er den nasjonale Frivilligprisen, Årets nykommar i det frivillige, Årets frivilligheitskommune og Helseprisen.
– I ei tid der demokratiet står under press, er utdelinga av dei nasjonale frivilligheitsprisane ekstra viktig. Frivilligheit er demokrati: Frivillige organisasjonar gjer demokratiet vårt robust. Dei er eit bindeledd mellom folk og politikarar, og dei er ein stad der ein kan lære seg å delta i demokratiske prosessar. I den utfordrande tida vi er i no er det å nominere til dei nasjonale frivilligheitsprisane ein måte å løfte fram dei frivillige organisasjonane og vise kor viktig rolla dei har i samfunnet vårt, seier generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen i Frivillighet Norge.
Dei nasjonale frivilligheitsprisane vert delte ut 4. desember i samband med den internasjonale FN-dagen for frivilligheit 5. desember. Kultur- og likestillingsdepartementet, Norsk Tipping, Frivillighet Norge, KS, Stiftelsen Dam og Frivillig.no står bak utdelingane.
– Vi håpar sjølvsagt å få inn mange nominasjonar og alle kan bidra! Viss du veit om ein god kandidat som du ønskjer å setje pris på, er det ingen grunn til å vente med å nominere, seier Slotterøy Johnsen.
Dei fire prisane har ulike mål og nominasjonsfristar. Les meir og send inn dine nominasjonar på frivillighetensdag.no og dam.no.